Sunnmøre tingrett foto ogne
KVEN MÅ BETALE: Må advokaten betale erstatning etter at erstatningkrav blei forelda, eller hadde klienten ikkje nok krav? Det skal retten ta stilling i neste veke. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Strid om advokatjobb i retten

Ei øydelagd kai og advokat og tidlegare klient som møtest i retten. Det er ein del av innhaldet i ei rettssak i Ålesund neste veke.

06.01.2022

Seafood Farmers of Norway har saksøkt JA Invest, advokat Kristine Devold og forsikringsselskapet W.R.Berkley Insurance Nordic, og krev erstatning etter at eit skip kolliderte i kaia ved Seafood Farmers of Norway sitt anlegg på Valderøya i januar 2017.

Fiskeforedlingselskapet Seafood Farmers of Norway - med Roger Hofseth som storaksjonær - meiner dei tre saksøkte i fellesskap er erstatningsansvarlege, etter at kravet mot reiarlaget som eig fartøyet gjekk tapt.

Grunnen er at ein foreldesesfrist for å kreve erstatning frå reiarlaget ikkje vart avbroten av advokatselskapet, ifølgje sluttinnlegget til Seafood Farmers of Norway sin advokat.

Konsekvensen blei at kravet mot reiarlaget gjekk tapt, og Seafood Farmers krev difor at JA Invest, advokat Kristine Devold og forsikringselskapet W.R.Berkley Insurance Nordic må betale erstatninga i staden.

Leigde inn advokat
Seafood Farmers of Norway leigde selskapet som no heiter JA Invest til å kreve erstatning for kaia.

JA Invest skifta i fjor namn frå Advocator Advokatfirma, i samband med eigarendringar der nye medeigarar kom inn i advokatselskapet. Dagens Advocator Advokatfirma er ikkje part i saka.

Kristine Devold arbeidde tidlegare i det som i dag er JA Invest, men var i 2020 med på å etablerte Bauta Advokatfirma.

W.R.Berkley Insurance Nordic er forsikringselskapet til JA Invest/Kristine Devold i denne saka.

2,4 millionar
Kravet er ikkje talfesta, men Seafood Farmers sin advokat skriv i sluttinnlegget til rettsaka i Møre og Romsdal Tingrett i neste veke at reparasjonskostnadane er anslått til 2,4 millionar kroner.

I følgje sluttinnlegga frå partane er 400.000 betalt til Seafood Farmers, men forsikringselskapet W.R.Berkley Insurance Nordic har kome med eit motkrav, og krev pengane attende.

Eigde ikkje kaia
Dei tre saksøkte sin advokat avviser i sitt sluttinnlegg at det er grunnlag for kravet.

Seafood Farmers of Norway har aldri hatt noko krav mot reiarlaget, fordi kaia er eigd av selskapet Hofseth Property og heller ikkje leigeavtalen mellom Hofseth Property og Seafood Farmers of Norway gjer at Seafood Farmes of Norway hadde noko krav mot reiarlaget.

"Dermed har saksøker aldri hatt noe erstatningskrav mot rederiet. At saksøkte 1 og 2 kan kritiseres for at foreldesesfristen utløp før det ble iverksatt rettslige skritt får ingen betydning, all den tid fordringen Advocator (noverande JA Invest, red. merk) fikk i oppdrag å inndrive aldri eksisterte", heiter det i sluttinnlegget.

Det er sett av to dagar til saka.

Publisert: 06.01.2022 16:10

Sist oppdatert: 23.02.2022 09:17