Stryn Energi inn i Tussa
Styre-ja til samanslåing.
Energiselskapet Stryn slår seg saman med Tussa Kraft i løpet av andre halvår i år.
Styra i begge selskapa har sagt ja til samanslåinga.
- Det er jamleg innstrammingar i reguleringsregimet for nettselskapa i favør av større einingar, og sterkare konkurranse innan andre område, som til dømes kraftsal. For å møte denne framtida på ein best mogleg måte, er det rett for Energiselskapet Stryn AS å slå seg saman med ein større aktør, seier Rune Myklebust, styreleiar i Energiselskapet Stryn AS i ei pressemelding.
Energiselskapet Stryn er både nettselskap og kraftprodusent. Eigar er Stryn kommune. Selskapet har 24 tilsette og hadde 123 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 14 millionar kroner i 2019.
Stryn kommune blir femte største eigar i Tussa, med ein aksjepost på vel 7 prosent etter samaslåinga.
Tussa Kraft er morselskapet i Tussa-konsernet, som driv kraftproduksjon og eig nettselskapet Mørenett saman med Tafjord Kraft.
Konsernet hadde 1,1 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 174 millionar kroner i 2019. Tussa Kraft er eigd av fleire kommunar på Søre Sunnmøre, med Ørsta som den største, og har i tillegg KLP som medeigar. Tussa har omlag 200 tilsette, Mørenett 114.
Publisert: 26.03.2021 19:18
Sist oppdatert: 08.04.2021 17:24