Stryn Energi vil halde paa utbytekronene
INNVIK: Stryn Energi er hovedeigar av Innvik Kraftverk. Det er eit kraftverk i fjell, med installert effekt på 15,5 MW, og ein prosjektert midlare årsproduksjon på 55 mill. kWh. 
Nytt

Stryn Energi vil halde på utbytekronene

Det er ikkje sikkert at Stryn kommune likevel får 1,5 millionar utbytekroner for å vere krafteigar i år.

24.07.2020
Bakgrunnen er lave kraftprisar og korona som har ført til at næringslivskundar no ber om betalingsutsetjing på grunn av koronautfordringane.
Dette går fram av årsmeldinga til Stryn Energi.

Omorganisering

No vil styret i kraftselskapet gå i dialog med Stryn kommune om utbytebetalinga som styret har avsett.
Stryn Energi har frå årsskiftet gjort grep for å skilje nettdelen frå dei øvrige delane av verksemda. Blant anna er Energiselskapet Stryn oppretta som morselskap, eit selskap som er heileigd av Stryn kommune, samstundes som nettselskapa Brenett og Tinggata 2 er oppretta som eigne nettselskap.
I dette omorganiseringsarbeidet har Stryn Energi samarbeidd med Stranda Energi og Sykkylven Energi.

Innvik-kraft

Stryn Energi er hovedaksjonær i Innvik Kraftverk, som vart sett i drift i 2007, eit kraftverk som ligg i fjell.
Stryn Energi eig 58,82 prosent av kraftverket, medan Sogn og Fjordane Energi eig 30,00 prosent og øvrige aksjonærar 11,18 prosent.
I 2109 hadde konsernet driftsinntekter på 122,8 millionar kroner, ned frå 140,2 millionar året før.
Resultat før skatt vart på 13,8 millionar, mot 26,8 millionar i 2018.
Konsernet har ein samla eigenkapital på 118,5 millionar kroner og ei samla langsiktig gjeld på 205,8 millionar kroner.
Stryn Energi hadde ved årsskiftet 19 fast tilsette og to lærlingar.

Publisert: 24.07.2020 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00