Nytt
Stryn vil bli hyttemetropolen i nordvest
Over 180 nye hytter på under ti år, og utbygging av nesten 70 nye tomter i full gang, er berre starten for Stryn. Kommunen opnar for hundrevis av nye tomter.
25.08.2014
- Vi har ynskt å utvide høvet til hyttebygging i Stryn kommune, seier ordførar Sven Flo (H).
Kommunen har vedteke å opne nye område for hyttebygging. Det er berre for grunneigarar som vil selje hyttetomter å starte reguleringsarbeidet.
Den mest omfattande utbygginga legg kommunen opp til i tilknytning til dei etablerte hyttefelta ved skianlegga.
I kommunedelplanen for Bøasetra - Ulsheim, som omfattar området frå skitrekket i fjellet over Stryn sentrum, til langrenn- og skistadion ved Ullsheim lenger vest, er det plass til nesten 1200 hytter. Det er over 800 fleire enn hytter enn dei som alt er der i dag.
- Vi kan tilby - til Vestlandet å vere - stabile verforhold, spesielt om vinteren, seier Flo.
Kommunen har eigedomsskatt (satsen er tre promille), og kvar ny hytte gir dermed eit ekstra tilskot i kommunekassa. (Flo er eigentleg mot eigedomskatten, og lovar at den i alle fall ikkje skal auke).
Den lokale bygg og anleggsbransjen har har hatt hendene fulle med hyttebygging i snart ti år. Meir bygging vil forlengje boomen.
Butikkar av alle slag får auka sal.
- Dette gir veldig gode synergiar totalt sett. Vi har areal, og vi har areal til ei ekspansiv hyttebygging, seier Flo.
Flo understrekar at det ikkje berre er området ved skitrekket som er aktuelt å opne for hyttebygging. Målet er å kunne lokke med fritidseigdomar over alt, frå sjøkanten til fjells, i hyttefelt og langt frå folk. Hyttefolket treng ikkje å utsteje seg for kravlande maur og lyng i hagen heller, fritidseigdomar nær sentrum vil det og vere marknad for, vonar ordføraren.
Når hytteområdet som ny er under opparbeiding i skiområdet ved Stryn er utselt, er kommunen sin plan at nye felt kan stå klar til bygging.
Kommunen har vedteke å opne nye område for hyttebygging. Det er berre for grunneigarar som vil selje hyttetomter å starte reguleringsarbeidet.
Den mest omfattande utbygginga legg kommunen opp til i tilknytning til dei etablerte hyttefelta ved skianlegga.
I kommunedelplanen for Bøasetra - Ulsheim, som omfattar området frå skitrekket i fjellet over Stryn sentrum, til langrenn- og skistadion ved Ullsheim lenger vest, er det plass til nesten 1200 hytter. Det er over 800 fleire enn hytter enn dei som alt er der i dag.
- Vi kan tilby - til Vestlandet å vere - stabile verforhold, spesielt om vinteren, seier Flo.
God butikk
Hyttebygginga er god butikk for kommunen, slik ordføraren ser det:Kommunen har eigedomsskatt (satsen er tre promille), og kvar ny hytte gir dermed eit ekstra tilskot i kommunekassa. (Flo er eigentleg mot eigedomskatten, og lovar at den i alle fall ikkje skal auke).
Den lokale bygg og anleggsbransjen har har hatt hendene fulle med hyttebygging i snart ti år. Meir bygging vil forlengje boomen.
Butikkar av alle slag får auka sal.
- Dette gir veldig gode synergiar totalt sett. Vi har areal, og vi har areal til ei ekspansiv hyttebygging, seier Flo.
Størst i Sogn og Fjordane
Stryn er allereie ei av dei største hyttekommunane i Sogn og Fjordane. Dersom kommunen blir den hyttemetropolen ordførar drøymer om blir den truleg den aller største, og også den travlaste hyttekommunen når det gjeld nybygging på heile Nordvestlandet.Flo understrekar at det ikkje berre er området ved skitrekket som er aktuelt å opne for hyttebygging. Målet er å kunne lokke med fritidseigdomar over alt, frå sjøkanten til fjells, i hyttefelt og langt frå folk. Hyttefolket treng ikkje å utsteje seg for kravlande maur og lyng i hagen heller, fritidseigdomar nær sentrum vil det og vere marknad for, vonar ordføraren.
180 hytter ved skitrekket
Ved skitrekket i Stryn er det allereie bygd rundt 180 hytter, og bygging av eit felt med 68 nye hytter er i gang.Når hytteområdet som ny er under opparbeiding i skiområdet ved Stryn er utselt, er kommunen sin plan at nye felt kan stå klar til bygging.
90 prosent Sunnmøringar
90 prosent av hyttebyggarane i Stryn er sunnmøringar, anslår utbyggarane NETT NO har snakka med. Det er først og fremst kommunene Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid og Herøy som forsyner Stryn med hytte-folk.Publisert: 25.08.2014 10:59
Sist oppdatert: 12.05.2021 11:15