Nytt
Stryvo til Vanylven
Strynebedrifta Stryvo etablerer seg i Vanylven for å byggje bølgjekraftverk.
30.05.2016
Stryvo er partnar med det svensk bølgjekraftselskapet Waves4Power, som har eit pilotanlegg av eit bølgjekraftverk til testing ved Runde.
Får Wawes4Power gjennomslag i marknaden skal anlegga byggast i den tidlegare Ulstein-hallen på Fiskåholmen i Vanylven. I fjor la Ulstein Verft ned produksjonen i Vanylven, og sidan har det blitt arbeidd for å fylle hallen med ny aktivitet.
Kraftverka har store dimensjonar. Det er snakk om opptil 40 meter høge bøyer, som blir montert ståande i sjøen, og produserer straum ved hjelp av eit stempel som hentar ut energien når bøya går opp og ned med bølgjene. (Les meir under Relaterte saker).
- Dei har sett på desse lokala og meiner dei egnar seg godt for denne produksjonen, sa Gjelseth.
Trass i at det er over eitt år sidan Ulstein melde at anlegget på Fiskå skulle leggast ned er det framleis god tilgang på folk som kan byggje store stålkonstruksjonar i Vanylven, i følgje Gjelseth.
Stryvo-etableringa kjem på toppen av at talet på nyetableringar i kommunen nesten dobla seg frå 2014 til 2015.
Får Wawes4Power gjennomslag i marknaden skal anlegga byggast i den tidlegare Ulstein-hallen på Fiskåholmen i Vanylven. I fjor la Ulstein Verft ned produksjonen i Vanylven, og sidan har det blitt arbeidd for å fylle hallen med ny aktivitet.
10 tilsette
I første omgang er planen på ha rundt ti tilsette i Vanylven, seier Paul Otterdal, leiar for olje- og gass-verksemda i Stryvo. I starten skal Stryvo-avdelinga i Vanylven lage rustfrie tankar og filtreringsanlegg, men hovudmålet er å bli produsent av bølgjekraftverk.Kraftverka har store dimensjonar. Det er snakk om opptil 40 meter høge bøyer, som blir montert ståande i sjøen, og produserer straum ved hjelp av eit stempel som hentar ut energien når bøya går opp og ned med bølgjene. (Les meir under Relaterte saker).
Mykje kompetanse
Svein Gjelseth har arbeidd for å etablere nye arbeidsplassar i industrihallen på Fiskåholmen. Han er tilsett i Vanylven Utvikling og sa til NETT NO tidlegare i år at kontakten med det svenske selskapet har pågått i lang tid.- Dei har sett på desse lokala og meiner dei egnar seg godt for denne produksjonen, sa Gjelseth.
Trass i at det er over eitt år sidan Ulstein melde at anlegget på Fiskå skulle leggast ned er det framleis god tilgang på folk som kan byggje store stålkonstruksjonar i Vanylven, i følgje Gjelseth.
Nye bedrifter
I morgon inviterer Vanylven Utvikling til pressekonferansen for å presentere planar og status for industriområdet på Fiskåholmen.Stryvo-etableringa kjem på toppen av at talet på nyetableringar i kommunen nesten dobla seg frå 2014 til 2015.
Publisert: 30.05.2016 10:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57