Styret ikkje noegd med Optimar resultatet
TØFFARE TIDER: Anlegg for å rense oppdrettslaks for lakselus gav Optimar både vekst og lønsemd, men både 2028 og 2019 har vore tøffare for utstyrsleverandøren Optimar og avtroppande Optimar-sjef Håvard Sætre.
Nytt

Styret ikkje nøgd med Optimar-resultatet

Fleire utfordrande prosjekt, svekka marginar, prosjektmiksen og omorganiseringar ligg bak fallet i lønsemda til Optimar dei siste åra.

08.09.2020

"Styret er ikkje fornøgd med dagens lønsemda og fleire tiltak er gjort for å betre lønsemda", heiter det i årsrapporten til Optimar as.

Så seint som i 2017 hadde Optimar eit resultat før skatt som tilsvara nesten ti prosent av driftsinntektene, men både 2018 og 2019 enda i minus.

Selskapet lagar utstyr og anlegg for handtering av fisk i fiskeri- oppdrettsnæringa, både til bruk i båtar og på flåtar, og på land. Selskapet er resultatet av samanslåinga av Optimar på Valderøya, Peter Stette i Skodje og Seaside på Stranda. Optimar-konsernet sysselsette 478 årsverk i fjor i Noreg og utlandet, mot 422 i 2018.

I desember 2017 vart Optimar kjøpte det tyske selskapet Haniel Group.

To minusår

At 2019 blei eit nytt minusår for Optimar vart kjent allereie då Haniel Group offentleggjorde sin årsrapport.

Der er tala for heile Optimar Group offentleggjort. Dei viste driftsinntekter på 118 millionar euro (cirka 1,25 milliardar kroner etter dagens kurs) og resultat før skatt på minus ni millionar euro (cirka 95 millionar kroner).

Optimar as er hovudselskapet i Optimar Group.


Skiftar toppsjef

I august i fjor sa Optimar-sjef Håvard Sætre at lønsemda kom til å bli bra i 2019 og at ordreboka var rekordstor.


I slutten av august varsla Sætre at han går av som Optimar-sjef.


– Eg har leia bedrifta gjennom eigarskifte og betydeleg omstilling, og ser no fram til å kunne overlate roret til min etterfølgjar, seier Sætre til Optimar si heimeside.

Målet er å ha ein nye toppsjef på plass i første halvår neste år, og Sætre skal halde fram i stillinga inntil etterfølgjaren er klar.

Publisert: 08.09.2020 10:49

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:50

Mer om