Styrkar lokal mediedominans
EIGARSKIFTE: Nytt i Uka blir ei av Sunnmørsposten-avisene etter at dei fire eigarane, Reidar Skarbø, Berit Fugelsø Nilsen, Eldar Berg og Steinar Giske sel utgivarselskapet Media Vest. På biletet, frå venstre redaktør og dagleg leiar Kåre Stig Nøstdal, aksjonær Steinar Giske og administrerande direktør Kjell Slinning i Sunnmørsposten.
Nytt

Styrkar lokal mediedominans

Sunnmørsposten kjøper Nytt i Uka.

15.01.2021

Media Vest, som gir ut annonsefinansierte Nytt i Uka, er kjøpt av Polariskonsernet, gjennom Polarisselskapet Sunnmørsposten. Prisen er ikkje opplyst i pressemeldinga som informerer om salet.

Frå før eig Sunnmørsposten Møre-Nytt i Ørsta, Vestlandsnytt i Herøy, Vikebladet Vestposten i Ulstein og Herøy og Mediehuset Nyss (som er resultatet et samanslåinga av Sunnmøringen på Stranda og Sykkylvsbladet i Sykkylven), Fjordenes Tidende i Måløy, Fjordabladet på Nordfjordeid og Fjordingen i i Stryn og Mediehuset Skjåk Mediautvikling som er heil og deleigar av Fjuken i Ottadalen og Vigga og Dølen i Gudbrandsdalen.


Fallande inntekter

"Dette er en svært god og spennende løsning for oss. Å få inn en så stor og profesjonell eier, vil tilføre oss ressurser og kompetanse som vil øke utviklingskraften vår og mulighetene fremover til å lage en enda bedre avis. I tillegg innebærer det at vi vil kunne tilby annonsekundene våre gode digitale tilleggsprodukter vi i dag ikke har tilgang til", seier Kåre Stig Nøstdal, redaktør og daglig leiar i Nytt i Uka i pressemeldinga.

I 2014 passerte Media Vest 20 millionar kroner i driftsinntekter og hadde eit overskot før skatt på 3,7 millionar kroner.


I 2019, som er sist offentleg tilgjengleg reknskap, var driftsinntektene 15 millionar kroner og resultatet før skatt minus 0,7 millionar.


Ville selje i 2014

Media Vest-eigarane , men salet blei det ikkje den gangen.

- Vi forsøker å finne gode og konstruktive løsninger for avisa i framtida - både for lesere, annonsører og de ansatte. Vi blir også eldre, og dersom vi finner en aktør som vil drive avisa videre på en god måte, vil vi vurdere salg, sa dåverande ansvarleg redaktør Eldar Berg til Sunnmørsposten..

Publisert: 15.01.2021 14:53

Sist oppdatert: 06.05.2021 13:32