Både inntekter, ratar og utnyttingsgrad held seg nokolunde stabilt for Havila Shipping i andre kvartal. Det kjem fram kvartalsrapporten som kom på bordet torsdag.
Reiarlaget med base i Herøy driv 14 fartøy, seks av dei for andre eigarar. Flåteutnyttinga i kvartalet var på 98,1 prosent, blir det opplyst i børsmeldinga.
Havila Shipping auka samtidig lønnsemda, om ein ser vekk frå tidlegare reversering av nedskrivingar.
Driftsresultatet før avskrivingar enda på knappe 173 millionar etter første halvår – opp frå 123 millionar i same periode i fjor. Resultatet før skatt forbetra seg samtidig frå drygt 4 til 27,5 millionar kroner (sjå tabellar under).
Aksjekursen til Havila Shipping har svinga mellom 1,2 og 1,7 kroner i år. Torsdag ettermiddag låg kursen på 1,5 kroner.
Det er venta ei utvatning av aksjonærane som følgje av långivarane sin rett til å konvertere ikkje renteberande gjeld. Det er venta at det vil skje ved årsskiftet.
Tidlegare i år blei det kjent at tre bankar meiner reiarlaget har brote restruktureringsavtalen. Reiarlaget sende i vår stemning til Oslo tingrett med påstand om at det ikkje ligg føre noko misleghald. Reiarlaget kjem ikkje med nye opplysningar om den saka i kvartalsrapporten.
Reiarlaget hadde 389 sjøfolk i arbeid på skipa og 12 årsverk i administrasjonen i andre kvartal.
| Havila Shipping ASA | ||
| 2. kvartal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 174,9 | 152,9 |
| Driftsresultat | 41,2 | 196,5 |
| Resultat før skatt | 8,6 | 4 |
| Havila Shipping ASA | ||
| Per 2. kvartal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 347,5 | 279 |
| Driftsresultat | 109,8 | 206,9 |
| Resultat før skatt | 27,5 | 4,1 |
Publisert: 21.08.2025 14:51
Sist oppdatert: 21.08.2025 14:51






