Stoerste oppbemanning paa fleire tiaar
MANGE NYE TILSETTE: – Heilt fantastisk, seier Øystein Vikingsen Fauske, som er konserndirektør for mellom anna HR i Ekornes.
Nytt

Største oppbemanning på fleire tiår

Når Ekornes har tilsett alle nye folka dei treng, har kring 100 fått jobb sidan sommaren. – Vi må jobbe med å få fleire folk til bygda, seier konserndirektør.

Marius Rosbach
30.10.2020

Møbelprodusenten Ekornes har opplevd ei berg- og dalbaneferd heilt utanom det vanlege dette året. I vår var hundrevis av tilsette permitterte og Sykkylven kommune låg på landstoppen i arbeidsløyse.

Sidan starten av sommaren har marknaden teke seg opp, og førre veke kunne dei legge fram tal for 3. kvartal som viste eit solid oppsving.

Oppsvinget har gitt utslag i kraftig auke i bemanninga.

– So langt har vi tilsett kring 40 nye, og vi ser at vi må auke ytterlegare. Totalen vil ende på fleire enn 100 nye til saman, ut frå behovet vi ser i dag, fortel Øystein Vikingsen Fauske til NETT NO.

Også behov hos andre møbelbedrifter
Vikingsen Fauske er konserndirektør for mellom anna HR-arbeidet i Ekornes, og har vore i konsernet i kring fem år. Han fortel at han aldri har vore borti liknande utvikling.

– Det er ein heilt fantastisk situasjon og plutseleg heilt annleis enn vi opplevde tidlegare i år. Det er ekstra gledeleg å sjå at det også er behov for meir folk hos andre lokale selskap i møbelbransjen, seier han.

– Korleis har det vore å få tak på folk?

– Førebels har vi fått tak på dei vi har hatt behov for, men vi ser at vi må jobbe med å få fleire folk til bygda, svarer Vikingsen Fauske.

– Tipper vi må tilbake til 1990-talet
Hovudtillitsvalt Edvard Lie tør heller ikkje på sparket seie kor lenge det er sidan dei har opplevd ei tilsvarande oppbemanning.

– Det er heilt utruleg, og eg tipper vi må tilbake til 1990-talet sidan vi opplevde noko tilsvarande, seier han til NETT NO.

Nytilsettingane har skjedd både ved anlegga i Sykkylven og på Grodås. Vikingsen Fauske reknar med at det vil vere behov for ytterlegare 45-55 tilsette i Sykkylven og 5-10 i Grodås.

Også i andre delar av konsernet er det vekst, og dei er på jakt etter både grafisk designar og fleire innan produktutvikling.

IMG og Svane-madrassar auka inntektene
Ekornes fekk ein kraftig rekyl i marknaden allereie etter påske, då folk pussa opp og kjøpte nye møblar. Dei permitterte kom tilbake på jobb og Ekornes måtte justere på ferieavviklinga for å kunne levere nok.

3. kvartalstala viste ei salsauke på 20 prosent samanlikna med fjorårskvartalet. Stressless-stolar og -sofaer som er hovudprodukta for Ekornes, hadde då tatt att det som gjekk tapt då koronakrisa kom.

Også møblane med varemerket IMG og madrassprodusenten Svane auka salet, og gjorde at konsernet ved utgangen av kvartalet hadde høgare omsetning, enn på same på tidspunkt i 2019.

Les også: Ekornes-oppsving i 3. kvartal

Stor glede over smittevernsfrakker fra Ekornes

Omstilling skal gjere Sykkylven mindre sårbare

Analyse: Varsko til møbel-klynga på Nordvestlandet

Stenger ned Ekornes-fabrikken for påska


Førebels har vi fått tak på dei vi har hatt behov for, men vi ser at vi må jobbe med å få fleire folk til bygda

Publisert: 30.10.2020 05:55

Sist oppdatert: 03.06.2021 23:02