Støtte til klyngesamarbeid
Blue Legasea med på utvikling av fôr til fisk og husdyr.
Klyngeorganisasjonen Blue Legasea i Ålesund er med i eit samarbeid for å ta i bruk nye fôrkjelder og utvikle nye fôrtypar.
Støtten på to millioner er gitt frå Innovasjon Norge til fire klyngeorganisasjonar. Pengane skal finansiere eit samarbeid for å utvikle og ta i bruk fôr både til oppdrettsfisk og til husdyr. Målet er mellom anna å utnytte restråsstoff frå landbruket til å lage fôr til oppdrettslaks, og marine råstoff til å lage husdyrfôr.
Det er dei fire klyngeorganisasjonanen Blue Legasea, NCE Heidner Biocluster, NCE Seafood Innovation, BioTech North som er med i samarbeidet.
Dei jobbar inn mot ulike deler av sjømat- og landbruksnæringa og har samarbeidd under paraplyen Land møter hav sidan 2018.
– Denne tildelinga er ein start for nye, spennande, blågrøne prosjekt, seier klyngeleiar Wenche Uksnøy i NCE Blue Legasea.
Publisert: 11.05.2021 09:06
Sist oppdatert: 11.05.2021 11:23