Stoettekjoep hos Mork
OPPSVING: Per Magne Mork har seld bilar for 23 millionar kroner frå Volda Bil så langt i år. Det er eit oppsving samanlikna med 2019, då salet frå Volda Bil var 33 millionar kroner i løpet av heile året. 
Nytt

Støttekjøp hos Mork

I år har bilforhandlar Per Magne Mork fått drahjelp av nye bilmodellar, og kundar som handlar for å vise støtte.

07.07.2020
Før jul i 2019 fekk Per Magne Mork i Volda bli vite av Bertel O. Steen-konsernet at Bertel O. Steen Møre og Romsdal skal overta som Peugot- og Kiaforhandlar på søre Sunnmøre frå og med 2022.

I første halvår har Mork hatt ein klar oppsving på Peugot-salet, som er det viktigaste merket for han. Det har to årsaker ifølgje Mork; nye elektriske og hybrid-modellar frå Peugot, og folk som vel å handle hos han før forhandlarskiftet.
Volda Bil har så langt i år seld for 23 millionar kroner, mot 33 millionar kroner i heile 2019 (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida)

Skal drive vidare

Då det vart kjent at Volda Bil og Volda Bil misser forhandlaravtalane sine sa Mork at han uansett skulle halde fram i Volda. For det første har han framleis serviceverkstadstatus for merka han sel i dag, for det andre driv han utleige av bilar - som i neste omgang kan seljast - og for det tredje reknar han med å framleis kunne selje bilar til kundar på søre Sunnmøre frå forretninga på Nordfjordeid.
Avtalen om å vere forhandlar på Nordfjordeid er ikkje endra, og ved å vise fram bilane i Volda blir det i praksis lite endring for kundane, sjølv om bilane formelt sett vert selde frå selskapet på Nordfjordeid.
Bertel O. Steen eig og driv ein Citröen-forhandlar som nyleg flytta frå Volda til nye lokale i Ørsta. Den blir også Mercedes, Kia- og Peugotforhandlar.

Bil og eigedom

Per Magne Mork eig dei tre bilforretningane sine gjennom selskapet Mork Invest, som og investerer i eigedom.
Mork Invest-konsernet hadde 84,5 millionar kroner i driftsinntekter i 2019 mot 93 millionar kroner i 2018. Resultatet før skatt i 2019 blei 2,1 millionar kroner, mot 0,8 millionar i 2018.

Publisert: 07.07.2020 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59