Stoeyutsett fisk har auka risiko for tidleg doed
OPPDRETT: Forfattarane bak studien meiner konklusjonane kan få konsekvensar for oppdrettsanlegg, der fisk er meir utsett for parasittar.
Nytt

Støyutsett fisk har auka risiko for tidleg død

Resultata frå ny studie kan gi konsekvensar for oppdrettsanlegg.

25.09.2020
(NPK-NTB-AFP): Fisk som blir utsett for støy over lengre tid, har auka risiko for å døy tidlegare i livet, viser ein britisk studie.
Menneskeskapt støy pregar naturlege miljø på landjorda verda rundt, frå køyretøy til industriproduksjon. Men ein slepp ikkje unna støy under vatn heller, der mellom anna propellar blir anteke å påverke sonaren til kvalane.
Forskarar ved University of Resultatai Storbritannia har sett nærare på korleis lyd under vatn påverkar livet i det våte elementet, nærare bestemt immunforsvaret til fisken mot parasittar.
– Støyforureining har vist seg å kunne føre til stress, høyrselstap, endringar i åtferd og påverknad på immunitetssystemet. Men påverknaden til støyforureininga på motstand mot sjukdommar har vore eit forsømt tema, seier dei.

Akvarieforsøk

I studien, publisert i det vitskaplege tidsskriftet Royal Society Open Science, har forskarane testa ut påverknad frå tilfeldige smell av støy som har vorte spelt i akvarium for å finne ut kor ømfintleg den populære akvariefisken guppy er for parasittinfeksjon.
Ei gruppe fisk vart utsett for akutt støy som vart spelt i 24 timar. Ei anna gruppe fisk vart utsett for støy over sju dagar.
All fisk vart bedøvd og infisert med ein parasitt, anten etter å ha vorte utsett for støy, som i den første forsøksgruppa, eller under støyforsøket, som var tilfelle for gruppe nummer to.
Ei tredje kontrollgruppe vart òg infisert med parasitt, men var plassert i eit lydlaust akvarium.

Langtidspåverknad

Forfattarane bak studien fann ut at medan fisk som vart utsett for akutt støy i ein kort periode hadde høgaste sjukdomstrykk over ein 17 dagar lang overvakingsperiode etterpå, så var det fisken som vart utsett for støy over lang tid, som hadde størst risiko for å døy tidleg.
Fisken som deltok i sjudagarsforsøket, hadde større risiko for å døy etter 12 dagar, samanlikna med 14 dagar for dei to andre gruppene som deltok i studien.
– Ved å påvise den skadelege påverknaden frå akutt og kronisk støy på samhandling mellom vert og parasitt, legg vi meir bevis på bordet som viser at det er ei kopling mellom støyforureining og redusert dyrehelse, skriv forfattarane.
Dei legg til at konklusjonane kan gi konsekvensar for oppdrettsanlegg, der fisk er meir utsett for parasittar.

Omfattande problem

Merksemda rundt helseproblem knytt til støy som blir skapt av menneskeleg industri og transport, er aukande.
Forskarar ved Queen's University i Belfast utarbeidde i november i fjor ein metaanalyse, basert på individuelle studiar, som viser at støy påverkar amfibium, leddyr, fuglar, fisk, pattedyr, blautdyr og krypdyr.
Problemet er så omfattande, slo forskarane fast, at dei tok til orde for at menneskeskapt støy må bli klassifisert som ei stor global forureiningskjelde.
(©NPK)

Publisert: 25.09.2020 15:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03