Sula ordfoerar Set samferdsel paa topp
SAMLING OG SAMARBEID: Giskeordførar Harry Valderhaug (t.v), Ålesundordførar Eva Vinje Aurdal og Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll har tatt med seg formannskapa sine til ei felles samling for å diskutere korleis kommunane kan samarbeid om planlegging av samferdsel, klima og arealplanlegging.
Nytt

Sula-ordførar: Set samferdsel på topp

For første gang er alle formannskapa i Ålesund-regionen samla. Diskuterer felles planlegging.

03.03.2020
Ordførarane i Sula, Giske og Ålesund har arbeid tett saman i fleire år og å samordne samferdselspolitikk, klimapolitikk og arealplanlegging medan dei andre politikarane i dei tre kommunane i mindre grad har vore med.
- Dette er eit tiltak for å tette igjen eit strekk i laget, sa Ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal då ho innleia på fellesmøtet.
- Det er viktig at også formannskapet får innsikt i det som skjer, seier Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll.

Prioriterer samferdsel

At dei tre kommunane skal planlegge kvar for seg er ingen god ide. Det handlar mellom anna å ta omsyn til innbyggjarar og næringliv i nabokommunen i planleggingsarbeidet.
- Konsekvensen av manglande samordning skapar konfliktar, seier Røssevoll.
Røssevoll er klar på kva som må prioriterast i det felles planarbeidet. Det er samferdsel.
- Vi kastar bort alt for mykje tid i kø, seier han.

Scorar lågt

Ein analyse av korleis dei tre kommunane scorar når det gjeld ei rekkje indikatorar viser at regionen blant anna har dårleg utvikla infrastruktur for transport.

Rapporten er laga etter ein mal som blir brukt i FNs program for smarte byar, som Ålesund er ein del av, og er ei analyse som skal brukast i det vidare planarbeidet i dei tre kommunane.

Publisert: 03.03.2020 16:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53