Sunnmoersposten sluker Sykkylvsbladet
SEL: Frank Kjøde har drive Sykkylvsbladet sidan 1982. No tek Sunnmørsposten over.
Nytt

Sunnmørsposten sluker Sykkylvsbladet

Frank Kjøde og Åge Eikrem sel Sykkylvsbladet til Sunnmørsposten.

11.06.2020
- Vi tok til i Sykkylvsbladet i 1982, og når vi no har nådd pensjonsalderen fann vi det rett å overlate avisverksemda til ein annan aktør, seier Kjøde og Eikrem i ei børsmelding.
Kjøde er ansvarleg redaktør, Eikrem er marknadssjef i avisa.

Sunnmørsposten er ein del av Polariskonsernet, som gjennom Sunnmørsposten eig ei rekkje lokalaviser på Nordvestlandet; Sunnmøringen, Vestlandsnytt, Vikebladet Vestposten, Møre-Nytt, Fjordingen, Fjordabladet og Fjordenes Tidende.
Sykkylvsbladet hadde 7,1 millionar kroner i driftsinntekter i 2019 og eit resultat før skatt på minuis 0,1 millionar. Tilsvarande tal for 2018 var 7,5 millionar og minus 0,8 millionar kroner.
Børsmeldinga opplyser ikkje kva Sunnmørsposten betalar for aksjane i Sykkylvsbladet.
I 2013 kom Sunnmørposten med eit bod på den omlag dobbelt så store lokalavisa Møre i Volda som verdsette Møre til åtte millionar kroner.

Publisert: 11.06.2020 12:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58