Fiskevegnprodusenten Frøystad AS hadde eit svært godt år i fjor og har nær tredobla inntektene på fem år.
Rekneskapen viser at veksten heldt fram og overskottet like eins (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Fjoråret var ikkje noko unntak og frå 2018 til 2019, auka omsetninga med 23 prosent.
Også lønnsemda har halde seg oppe gjennom vekstperioden. Eit driftsresultat på 4,4 millionar gir ein driftsmargin på drygt ti prosent. Slik lønnsemd – og betre – har rekneskapen til selskapet vist også de førre åra.
Herøy-selskapet har inngått ein avtale med britiske Fishtek Marine om å tilby deira produkt - Banana Pinger - i sin portefølje.
Bruken har ikkje negativ påverknad for torskefiske og gjer at ein kan helde fram fiske som normalt. Bakgrunnen er at ein ønsker å redusere fangst og død, spesielt for niser.
I ei uttale frå Havforskingsinstituttet blir Fishtek Marine sitt produkt trekt fram som ein favoritt mellom fiskarar som har testa ulike løysingar.
– Det kan vere ei betydeleg omsetning i dette, om lovverket etter ein prøveperiode blir innført alle stader. Der ein er plaga av niser, så blir gjerne også utstyret øydelagt, så det investeringa kan sparast inn raskt, fortel salssjef Hallgeir Frøystadvåg til NETT NO.
– Vi har heldigvis vore lite råka, og har god aktivitet omtrent som forventa, fortel Frøystadvåg.
Selskapet er no leia av Geir Johan Bakke som tok over sjefsstolen tidlegare i år. Han opplyser til NETT NO at dei ligg an til å nå budsjetta for 2020, og reknar med vidare lønnsam vekst.
Hallgeir Frøystadvåg eig 25 prosent via selskapet Malodo, medan He Li og Per Frøystad eig 15 prosent via eigne selskap.
Selskapet har ein eigenkapital på knappe 11 millionar og ei samla gjeld på 15 millionar, ifølgje .
Rekneskapen viser at veksten heldt fram og overskottet like eins (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Rekordomsetning og god lønnsemd
Inntektene bikka for første gong over 40 millionar kroner. Sidan Frøystad omsette for 15 millionar i 2016, har inntektene auka stor fart.Fjoråret var ikkje noko unntak og frå 2018 til 2019, auka omsetninga med 23 prosent.
Også lønnsemda har halde seg oppe gjennom vekstperioden. Eit driftsresultat på 4,4 millionar gir ein driftsmargin på drygt ti prosent. Slik lønnsemd – og betre – har rekneskapen til selskapet vist også de førre åra.
Les også:
Nytt produkt skal skremme niser
Framover håpar dei eit nytt produkt – akustiske pingerar som skal hindre niser og delfinar frå å hamna i garna – skal gi nytt tilskott i omsetninga.Herøy-selskapet har inngått ein avtale med britiske Fishtek Marine om å tilby deira produkt - Banana Pinger - i sin portefølje.
Bruken har ikkje negativ påverknad for torskefiske og gjer at ein kan helde fram fiske som normalt. Bakgrunnen er at ein ønsker å redusere fangst og død, spesielt for niser.
I ei uttale frå Havforskingsinstituttet blir Fishtek Marine sitt produkt trekt fram som ein favoritt mellom fiskarar som har testa ulike løysingar.
Nytt lovverk kan auke salet
For tida er eit nytt lovverk ute på høyring som gjer at det kan bli eit krav om å nytte slike hjelpemiddel ved eksport til USA. Det blir vidare vurdert eit pålegg om akustiske skremmemiddel for garnfiskarar i Lofoten for delar av året.– Det kan vere ei betydeleg omsetning i dette, om lovverket etter ein prøveperiode blir innført alle stader. Der ein er plaga av niser, så blir gjerne også utstyret øydelagt, så det investeringa kan sparast inn raskt, fortel salssjef Hallgeir Frøystadvåg til NETT NO.
Ingen koronabrems
Frøystad har so langt slept unna negative konsekvensar frå koronapandemien.– Vi har heldigvis vore lite råka, og har god aktivitet omtrent som forventa, fortel Frøystadvåg.
Selskapet er no leia av Geir Johan Bakke som tok over sjefsstolen tidlegare i år. Han opplyser til NETT NO at dei ligg an til å nå budsjetta for 2020, og reknar med vidare lønnsam vekst.
Kjøpte seg inn i selskapet
Bakke kjøpte seg også inn i Frøystad AS då han tok over sjefsjobben. Han eig no 45 prosent av aksjane via selskapet Rembakk.Hallgeir Frøystadvåg eig 25 prosent via selskapet Malodo, medan He Li og Per Frøystad eig 15 prosent via eigne selskap.
Selskapet har ein eigenkapital på knappe 11 millionar og ei samla gjeld på 15 millionar, ifølgje .
Les også:
Det kan vere ei betydeleg omsetning i dette, om lovverket etter ein prøveperiode blir innført alle stader
Publisert: 11.08.2020 11:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01