Børsdagen: Suveren julivinnar på børsen
Papirgevinst på fleire hundre millionar for Flakk i Hexagon Composites.
Hexagon Composites er årets suverene julivinnar på Oslo børs, ifølgje ei rangering frå Dagens Næringsliv.
Aksjen har hatt ein oppgang på 45,6 prosent som plasserer aksjen på ein soleklar førsteplass over aksjane som auka mest i løpet av sommarmånaden. Scatec er neste selskap på lista med ei auke på 19,2 prosent.
Flakk-familien i Ålesund er storaksjonær i selskapet med drygt ti prosent av aksjane - og har hatt ein papirgevinst på nær 300 millionar i løpet av juli.
Industriaksjen hadde måndag ein sterk avslutning med ei auke på 8,13 prosent til 30,32 kroner aksjen. Det er høgaste nivået sidan tidleg i mai og prisar selskapet til drygt 6,1 milliardar kroner.
Dagens børstapar frå regionen blei Arctic Bioscience med eit fall på 10,33 prosent til 9,64 kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs starta veka med oppgang på 0,84 prosent til 1.244,93.
Børstabell for Nordvestlandet:
Ticker | Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Composites ASA (XOSL:HEX) | Hexagon Composites | kr 30,32 | 8,13 % |
Eqva ASA (XOSL:EQVA) | Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 2,87 | 5,90 % |
Havila Kystruten AS (XOSL:HKY) | Havila Kystruten | kr 1,03 | 4,25 % |
Hexagon Purus ASA (XOSL:HPUR) | Hexagon Purus | kr 20,70 | 3,81 % |
Golden Energy Offshore Services AS (XOSL:GEOS) | Golden Energy Offshore Services | kr 1,22 | 2,00 % |
Nortel AS (XOSL:NTEL) | Nortel | kr 26,80 | 1,52 % |
Atlantic Sapphire ASA (XOSL:ASA) | Atlantic Sapphire | kr 6,16 | 0,98 % |
Norva24 Group AB (publ) (XSTO:NORVA) | Norva 24 Group* | 26,95 kr | 0,75 % |
Sparebanken More (XOSL:MORG) | Sparebanken Møre | kr 76,50 | 0,66 % |
Salmon Evolution ASA (XOSL:SALME) | Salmon Evolution | kr 6,74 | 0,30 % |
Hofseth Biocare ASA (XOSL:HBC) | Hofseth Biocare | kr 2,95 | 0,00 % |
Statt Torsk ASA (XOSL:STATT) | Statt Torsk | kr 0,55 | 0,00 % |
Havila Shipping ASA (XOSL:HAVI) | Havila Shipping | kr 12,60 | -0,47 % |
Endur ASA (XOSL:ENDUR) | Endúr | kr 40,00 | -0,74 % |
Hav Group ASA (XOSL:HAV) | Hav Group | kr 10,15 | -0,98 % |
Arctic Bioscience AS (XOSL:ABS) | Arctic Bioscience | kr 9,64 | -10,33 % |
* Kurs i SEK | |||
Publisert: 31.07.2023 16:59
Sist oppdatert: 02.08.2023 13:12