Ålesund kommune sendte tysdag formiddag ut ei melding om at kjøpesentera framleis vil halde ope. Avgjerda er teke i samråd med sentera sjølv, Bypatrioten og Ålesund sentrumsforening.
I meldinga frå kommunen går det fram at butikkane følgjer råda frå styresmaktene om å avgrense smitterisikoen som følgje av koronapandemien.
– Vi har snakka med fleire av dei største kjøpesentera i Ålesund kommune og dei melder alle om at dei klarer å overhalde reglane om ein meter avstand mellom kundane og at dei har hatt svært lavt besøk dei siste dagane. Dette gjer at vi i samarbeid med dei har bestemt at vi held kjøpesentera opne, seier ordførar Eva Vinje Aurdal i ei uttale.
Takker butikktilsette
Samtidig er mange tilsette i butikkane uttrygge på eigen situasjon.
– Saman med næringsaktørane ber vi om at både tilsette i butikkane og besøkande hugsar på at dei tilsette er i kontakt med mange i løpet av ein dag. Eg vil takke dei som står på for at livet vårt skal vere mest mogleg normalt og at vi får tak i det vi treng i denne situasjonen. Ta vare på kvarandre, uttaler Aurdal vidare.
For å avgrense smittespreiing av koronaviruset har Ålesund, Sula og Giske kommune også vedtatt å avgrense innreise til kommunane.
Fleire har stengt
Styresmaktene har definert butikktilsette som ei samfunnskritisk yrkesgruppe, som er avgjerande for å at folk skal få forsyning av varer.
Fleire butikkar og sentra har korta ned på opningstidene, og nokre har allereie stengt av ulike årsaker. Etter det NETT NO kjenner til, er det både bemanningssituasjonen og økonomiske årsaker til at nokre butikkar no er stengt.
Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe ved Amfi Moa fortel at dei ikkje opplyser omsetning i desse dagar, og viser til Thon Gruppen for kommentarar. NETT NO har ikkje lukkast å få ein kommentar frå konsernleiinga om omsetning dei siste dagane, eller korleis dei ser på moglegheitene for å redusere leige til leigetakarane.
Fleire slepp å betale leige
Tidlegare er det kjent at butikkane i Ålesund storsenter frå kreditert leige. Ved Kremmergaarden kjøpesenter slepp no butikkane å betale leige for april, melder Bypatrioten.
Alti-kjeda som mellom anna har kjøpesenter i Ørsta, Nordfjordeid og Rauma, hadde måndag ikkje teke stilling til redusert leige, men let det vere opp til butikkane sjølv å avgjere opningstidene.
Les også: Bankane med korona-handtering på fulltid
Opnar for at butikkane sjølv får bestemme opningstida
Publisert: 17.03.2020 11:06
Sist oppdatert: 06.01.2022 13:53