Då 2023-rekneskapen var klar i fjor vår sa Frislid Konfeksjon-sjef Rune Taklo at han ikkje tok sjansen på å sette opp prisane nok til å kompenserer for prisauke og svak kronekurs.
Det seier han også i år, no når 2024- rekneskapen er klar.
– Vi kan ikkje prise oss ut av marknaden, seier Taklo.
Konsekvensen er at overskotet for herrekle-produsenten blir lågare enn Taklo dei fire-fem millionar kronene Taklo meiner det burde ligge på, med ei driftsinntekt på over 50 millionar kroner.
Langvarig valututfordring
Frislid Konfeksjon sine frakkar, jakker, bukser og dressar blir i hovudsak selde i Noreg, medan tekstil- og klesproduksjonen blir gjort i utlandet - og betalt i euro. Medan norske eksportbedrifter tener på ei svak krone, er den svake kronekursen negativ for selskap for Frislid Konfeksjon fordi varene frå utlandet blir dyrare i norske kroner.
Kronekursen har vore ei utfordring for Frislid Konfeksjon i fleire år. Samanlikna med for 10 år sidan er den no 40 prosent svakare, seier Taklo.
Finsk eigar
Frislid Konfeksjon eig butikkselskapet Frislid Herreekvipering på Nordfjordeid, og er sjølv eigd av det finske klesselskapet Oy Turo Tailor.
Frislidfamilien på Nordfjordeid selde verksemda si til finske Turo Tailor i 2000. Turo Tailor var den dominerande aktøreren i den finske marknaden for dressar, jakker og bukser.
Med sin dominerande marknadsandel fekk det finske selskapet det tøft etterkvart som konkurrransen frå utanlandske aktørar auka. I 2011 var Rune Taklo ein av fem leiarar i konsernet som kjøpte selskapet, og eig no 24,5 prosent i konsernet.
Dei to selskapa samarbeider tett. Plagg som i Noreg vert selde under varemerket Frislid har i Finland Turo Tailor som varemerke.
| Frislid Konfeksjon as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 53,6 | 55,9 |
| Driftsresultat | 2,8 | 2,8 |
| Resultat før skatt | 1,4 | 1,2 |
| Frislid Herreekvipering as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 6,6 | 7,2 |
| Driftsresultat | 0,4 | 0,6 |
| Resultat før skatt | 0,4 | 0,4 |
Publisert: 19.05.2025 09:19
Sist oppdatert: 19.05.2025 09:19






