Svak vekst for Maaloey hotell
FINANSKRISE-EFFEKT: Inntektene til Måløy Hotell er framleis ikkje attende på nivået før finanskrisa.
Nytt

Svak vekst for Måløy-hotell

Etter ein opptur i 2016 flata veksten ut for Måløy Hotell i fjor.

04.07.2018
I 2016 auka driftsinntektene til Måløy Hotelldrift med 1,2 millionar kroner, til det høgaste nivået på ni år. Og selskapet gjekk så vidt i pluss, for første gang sidan 2009.
I fjor steig driftsinntektene med berre 0,2 millionar kroner (sjå tabell), og resultatet før skatt enda som i 2016 .

Thon tok over

I fjor haust tok Thon-kjeda over hotellet i Måløy frå Norlandiakjeda, saman med Baronen Hotel i Spjelkavik og tre andre Norlandiahotell.

Etter ei oppussing har hotellet vore Thonhotell frå januar i år.
Driftselskapet leiger hotellet av Måløy Hotell Eiendom.

Nedtur

Før finanskrisa nådde inntektene til Måløy Hotelldrift toppen i 2007, med driftsinntekter på 11,4 millionar kroner. Deretter gikk det jamt og trutt nedover til knapt sju millionar kroner i 2010, før det flata ut til rundt 7,5 millionar kroner fram til og med 2015.
Måløy Hotelldrift kan få konkurransen. Ei investorgruppe med blant andre Gunnar Carlson og Coast-sjef Sverre Søraa arbeider for å få bygd eit nytt hotell ved sjøkanten i Måløy.

Publisert: 04.07.2018 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23