Svakare fraa Polaris i nordvest
SVAKARE: Koronaåret gir eit dårlegare resultat enn i fjor, for Sunnmørsposten-redaktør Hanna Relling Berg og kollegaene i Polaris-avisene på Nordvestlandet.
Nytt

Svakare frå Polaris i nordvest

Høgare inntekter for konsernet, men svekka lønnsemd for avisene på Nordvestlandet

Marius Rosbach
05.11.2020
Resultata til Polaris Media Nordvestlandet gjekk opp i 3. kvartal, samanlikna med fjoråret. Så langt i år er dei likevel bak fjoråret, viser kvartalsrapporten til Polaris Media.
Ved utgangen av kvartalet hadde underkonsernet som består av Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og ein rekke andre lokalaviser på Nordvestlandet, inntekter på 242,7 millionar kroner. Det er ein nedgang frå 256,3 millionar kroner i same periode i fjor.
Også resultat før av- og nedskrivinger var svakare med 25,5 millionar kroner, ned frå 28 millionar i fjor.

Høgre inntekter – dårlegare resultat

Resultatet for konsernet ligg ann til ei solid auke i inntektene frå 1,6 till 2,5 milliardar kroner per tredje kvartal.
Resultat før skatt i same periode gjekk likevel ned til 138 millionar kroner, frå 154 millionar året før.

Auka brukarinntekter - reduserte kostnader

Auken i inntekter kjem i hovudsak av auka brukarinntekter og reduserte kostnader, opplyser konsernet.
Pandemien rammar framleis annonseinntektene i mediekonsernet, sjølve om det var noko forbetring i tredje kvartal samanlikna med i fjor, ifølgje .

Les også:



Publisert: 05.11.2020 17:32

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:07