Svakare resultat og stigande forventningar
Konjunkturrapporten til Sparebanken Vest viser store skilnadar mellom rapporterte resultat og forventingar.
Resultatindeksen til Sparebanken Vest har går ned. Likevel har bedriftene på Vestlandet blitt meir positive.
Det er forventingane om auka etterspørsel etter det bedriftene produsere og leverer som er den viktigaste forklaringa på optimismen.
Den såkalla forventingsindeksen i konjunkturrapporten til Sparebanken Vest - Vestlandsindeksen - er på eit høgare nivå enn før koronapandemien kom. Skilnaden mellom rapporterte resultat og forventningane til framtida har ikkje vore større sidan koronaepideminen kom.
Konjukturrapporten til Sparebanken Vest baserer seg på ei kvartalsvis spørjeundersøking der 700 bedrifter i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
Resultat og forventningar
Resultatindeksen baserer seg på kva bedriftene rapporterer om korleis det har gått dei tre siste månadane, forventingsindeksen korleis dei trur det vil gå dei komande seks månadane.
Toppscore er 100 og eit nivå under 50 indikerer pessimisme. Resultatindeksen for 1. kvartal blei 60, ned frå 62. Forveningsindeksen steig frå 63 til 66.
Ventar vanskar
37 prosent av bedriftene som er spurt fortel av dei i stor, eller svært stor grad opplever vanskar med å få råvarer eller produkt, samanlikna med før koronapandemien.
Spørjeundersøkjing til Vestlandsindeksen for 1. kvartal 2022 blei gjort før krigen i Ukraina starta, og banken skriv i konjunkturrapporten den allereie ser at krigen har redusert tilgangen på einskilde råvarer og produkt.
Publisert: 23.03.2022 14:19
Sist oppdatert: 23.03.2022 14:20