Svelekontrakt til Minibakeriet
SVELEBAKST: Minibakeriets Alexander Illand og Tonje Sjaastad med litt av nattas svelebaks, som no er på plass på elferja "Gloppefjord".
Nytt

Svelekontrakt til Minibakeriet

Fjord1 kutta ut kiosk på dei nye el-ferjene på sambandet Lote-Anda. Det tener Minibakeriet på Nordfjordeid på.

24.01.2018
- Det er ein veldig god deal for oss, seier Leon Knapskog, grunnleggar av Minibakeriet.
Alt seint i går ettermiddag starta steikinga av 1500 sveler hos Minibakeriet. Steiking og smøring har pågått heile natta for å forsyne dagens reisande med gratis smaksprøver. No er sveler og sandwich nettopp levert ombord i elferja "Gloppefjord", som skal i ordinær rutetrafikk frå klokka 13.00 i dag.

Rabalder

Det blei rabalder då det blei kjent at det ikkje blir kiosk - og svelebaking ombord - på dei to elferjene som skal trafikkere Lote-Anda.
Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 seier at avtalen med Minibakeriet kan bli betydelig utvida dersom svelene - som blir selde frå automatar - fell i smak.
- Definitivt, seier Neteland.

Fleire samband

I første omgang er det aktuelt å innføre svelesal frå automat på Fjord1-samband som ikkje har cateringtilbod i dag, og utanom opningtid på dei ferjene som har kiosktilbod.
- Vi ønskje å utvikle dette, seier Neteland om bruk av automatar der reisande kan kjøpe drikke og mat, deriblant sveler.

God vekst

Minibakeriet blei starta i 2015.
I 2016 hadde det 3,7 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat i balanse. Bakeriet har fire tilsette.

Publisert: 24.01.2018 12:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17