Sveltestreik mot vindkraftutbygging
Familien Thue ved Kari, Hans Petter og Magnus Kedron Thue vart kjende for sin protest mot vindkraftutbygginga på Haramsøya. No har Kari Thue starta sveltestreik utanfor lokala til Viken fylkskommune, som er indirekte medeigar i vindkraftutbyggar Zephyr.
Nytt

Sveltestreik mot vindkraftutbygging

Kari Thue frå Haramsøya har starta sveltestreik utanfor lokala til Viken fylkeskommune. 

16.06.2020
Det er som melder dette tysdag.
Ho reiste til Oslo måndag kveld og er no installert utanfor Viken i Olso, eitt av tre administrasjonssenter til Viken fylkeskommune.

Vil stoppe Zephyr

Kravet er at Viken fylkeskommune stoppar vindkraftutbygginga på Haramsøya.
Fylkeskommunen er medeigar i Østfold Energi, og er dermed indirekte eigar av Zephyr, som står bak den omstridde utbygginga på Haramsøya og fleire andre stader i landet.
Det politiske fleirtalet har tidlegare stilt seg kritisk til vindkraftutbygging i urøyrd natur, men vil ikkje gripe inn mot utbyggingar som er godkjende.

Redd for grunnvatnet

Til Nordrenett seier Kari Thue at ho har sett i gang aksjonen for å redde øya.
– Vindmøllene er laga av glasfiber. Når det smuldrer opp grunna vêr og vind fell det til bakken. Vi der ute har ikkje kommunalt vatn. Det er berre nokre få på Austnes som har det. Vi andre har brønn og kildar. Det vil kome ned i grunnvatnet. Kva er best å døy av? Svolt eller indre blødningar, spør Thue.
Ho seier at Viken er dei som kan stoppe utbygginga.

Haugianarar

Familien Thue er opphavleg frå Fredrikstad, kallar seg sjølve for haugianarar, og kjøpte eit gardsbruk på Haramsøya for rundt 3,5 år sidan.
Hans Petter Thue hadde ein bil parkert på tvers av Fjellvegen for å hindre anleggsmaskiner å kome til vindkraftfeltet på Haramsøya. Bilen vart til slutt løfta vekk og fjerna av poøitiet, med Thue i bilen.

Publisert: 16.06.2020 12:03

Sist oppdatert: 28.06.2021 11:47