Dagleg leiar Dag Nikolai Ryste t v medeigar og styremedlem Johannes Terje Håskjold og Chief Green Officer Kristian E Vik foto Green Glocal
REDUSERER UTSLEPP: Flis frå tømmerhogst og slam frå fiskeoppdrett skal bli til biometanol i produksjonsanlegget Glocal Green vil bygge på Øyer i Gudbrandsdalen, der dette biletet er teke. Iblanda hydrogen skal det redusere CO2-utslepp i skipsfarten. Dagleg leiar Dag Nikolai Ryste (t.v), medeigar og styremedlem Johannes Terje Håskjold og Chief Green Officer Kristian E. Vik. Rystefamilien, Håskjold og Trond Ivar Kalstad er dei største aksjonærane i selskapet. Foto: Glocal Green
Nytt

Svensk avtale for Glocal Green

Skal samarbeide med Luleå Tekniske Universitet om å utvikle biometanol for skipsfart.

01.03.2023

Glocal Green i Ålesund planlegg eit produksjonsanlegg for biometanol tilsett hydrogen, i Øyer i Gudbrandsdalen.

Glocal Green har allereie ein samarbeidsavtale med Norwegian Hydrogen, om bruk av hydrogen frå Norwegian Hydrogen. Innblanding av hydrogen gjer biometanolen meir energirik og bind og opp CO2 frå produksjonen av biometanol. For Norwegian Hydrogen - som skal produserer hydrogen - betyr det ein potensiell større marknad for hydrogenet sitt.

No har Glocal Green inngått ein intensjonsavtale om eit samarbeid med Luleå Tekniske Universitet (LTU) i Nord-Sverige, som i fleire år har forska på produksjon av metanol basert på biologisk materiale.

Med på intensjonsavtalen er også LTU Green Fuels, eit selskap som er spunne ut av Luleå Tekniske Universitet, og Research Institute of Sweden (RISE).

- Glocal Green er svært fornøgd med å ha fått på plass dette samarbeidet, som inneber raskare utvikling mot storskala leveransar basert på gjennomprøvd teknologi, seier administrerande direktør Dag Nikolai Ryste i Glocal Green i ei pressemelding.

- Denne intensjonsavtalen vil føre til eit omfattande samarbeid, der aktørane i fellesskap vil kommersialisere teknologien gjennom tilpasning til Glocal Green sitt konsept ved vårt pilotanlegg i Piteå. I samsvar med deira sin visjon vil dette danne grunnlag for oppskalerte kommersielle produksjonsanlegg for bio-e-metanol (metanol laga av bioavfall) og bio-DME (biogass) både i Norge, Sverige og verda forøvrig, seier Fredrik Granberg, Project Manager Energy Engineering ved LTU og Site Manager ved LTU Green Fuels, i pressemeldinga.

Kapitalutviding
I fjor henta Glocal Green inn 10 millionar kroner i ny eigenkapital og planlegg større kapitalutvidingar for å finansiere den planlagte fabrikken i Øyer.

Den andre kapitalutvidinga skal finansiere det første av tre byggesteg av produksjonsanlegget, ei investering på 450-500 millionar kroner, sa Dag Nikolai Ryste til NETT NO.

Investeringa på 450-500 millionar i Øyer omfattar også eit planlagt produksjonsanlegg for Norwegian Hydrogen ved metanolanlegget.

Publisert: 01.03.2023 12:21

Sist oppdatert: 05.03.2023 18:57