Svensk suksess for Davi Turbo
RESULTAT: Godt år for reperasjon og vedlikehald av turboladarar for Roger Kaldhol og Davi Turbo.
Nytt

Svensk suksess for Davi Turbo

Davi Turbo har sitt beste år hittil i Norge, og veks kraftig i Sverige.

13.02.2020
- Eg har nettopp snakka med vår svenske marknadsdirektør. Der er det på gang ny store ordrar.
- Vi tar raskt marknadsandelar i Sverige, seier dagleg leiar og hovudaksjonær Roger Kaldhol i Herøy-bedrifta.
Davi Turbo har spesialisert seg på vedlikehald og reparasjon av turboladarar til båtar.

Svensk oppkjøp

Selskapet har hovudkontor i Leinevika i Herøy, men har servicekontor i Kirkenes, Tromsø, Svolvær, Sandenssjøen, Bergen, Bømlo, Stavanger, Skien, Hirtshals og Göteborg.
I april i fjor vart også det Lysekil-baserte selskapet Perssons Maskinservice kjøpt opp.
- Eit heilt rett kjøp, seier Kaldhol.
Det svenske selskapet leverer eigne rekneskap, men Kalhol seier at resultatat er positive og raskt aukande.

Styrer mot godt 2020

Også den norske delen gjer det bra.
I fjor omsette selskapet for 22,4 millionar kroner, opp frå 16,6 millionar frå året før.
Resultatet før skatt vart på 3,8 millionar, ei dobling frå året før.
- Slik 2020 har starta, kjem vi til å levere endå betre tal i år, seier Kalhol.

Treng meir plass

Han opplyser at mange av kundane, i stor grad reiarlag, kjem tilbake både tre og fire gongar.
- Vi har også fått mange lokale kundar, noko vi er svært glade for.
No ser selskapet seg om etter meir plass i Herøy.
- Ja, vi jaktar større lokale til deler, seier Kaldhol.

Fleire tilsette

Totalt er det elleve fast tilsette i Norge, men Kaldhol opplyser at ein truleg vil auke med eit par til i år.
- Det ser absolutt bra ut framover.
Davi Turbo har ei langsiktig gjeld pån 3,5 millionar kroner.
Selskapet er eigd 80 prosent av Kaldhol, 20 prosent av Mats Bergrud Sundbø frå Skien.
Dei kan for 2019 fordele eit utbyte på 1,8 millionar kroner.
Vi tar raskt marknadsandelar i Sverige

Publisert: 13.02.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52