Sykkylven bedrift slo alle rekordar
REKORD: Møre Trafo gjer det svært godt, og sette nye rekordar i fjor.
Nytt

Sykkylven-bedrift slo alle rekordar

Rekordomsetning og rekordresultat for Møre Trafo. Har nettopp fornya stor kontrakt.

11.07.2017
Møre Trafo slo alle rekordar i fjor. Etter eit svært godt år i 2015, auka likevel omsetninga i fjor med 19 millionar kroner - til over 340 millionar kroner.
Også resultatet vart rekordgodt. Resultatet før skatt i fjor enda på solide 33,7 millionar kroner, opp frå gode 26,8 millionar året før.
Dagleg leiar Tor Rieve Kristiansen trur på litt lavare aktivitet i år, sjølv om det framleis ser bra ut.
- Vi held budsjettet, som er sett noko lavare enn det vi oppnådde i 2016.
Selskapet har nyleg fornya ein svært viktig avtale.
- Vi har nettopp fornya kontrakten som leverandør av fordelingstransformatorer for Hafslund Nett, som er det største nettselskapet i Norge, seier Rieve Krristiansen.

Stor arbeidsgjevar

Også talet på tilsette er rekordstort. Ved årsskiftet var 134 tilsette i Møre Trafo, noko som gjer bedrifta til den neste største private arbeidsgjevaren i kommunen. Berre Ekornes er større.
Møre Trafo produserer fordelingstransformatorar, nettstasjonar og andre produkt til elektriske distribusjonsnett.
Hovudkontoret ligg i Sykkylven, men selskapet har salskontor i Skien og ved Holter, sør for Gardermoen.

Innpass i Sverige

Norge er hovudmarknad, med 282 millionar av omsetninga i fjor. Men selskapet har fått stadig sterkare fotfeste også i Sverige, og selde til Sverige for 49 millionar kroner i fjor.
Økonomien i selskapet er svært god, med 36 millionar kroner i banken ved årsskiftet, og berre 12 millionar i langsiktig gjeld. Selskapet har også aksjar for 12 millionar kroner.

Strengare krav

Styret melder om tilfredsstillande kontraktsdekning i starten av 2017, men viser til at på grunn av nye EU-forskrifter er myndigheitskrava rundt energitap i transformatorar betydeleg skjerpa i løpet av 2016. Møre Trafo har tilpassa seg dei nye krava, fastslår styret.
Møre Trafo er eigd av Møre Electric Group, og bak dette selskapet står familieselskapet Rieve Gruppen og det franske konsernet Schneider Electric med ein eigarskap på henhaldsvis 66 og 34 prosent.

Kraftig vekst i søsterselskap

Søsterselskapet KL Industri AB i Sverige gjorde det endå betre i fjor enn Møre Trafo, slik at konsernomsetninga for det norske selskapet Møre Electric Group passerte 800 millionar kroner. Det er nesten 200 millionar kroner betre enn året før.
Rieve Gruppen er eit familieselskap eigd av Rieve Kristiansen-familien.
Eigarane kunne for fjoråret ta seg ut eit utbyte på 20 millionar kroner, to millionar meir enn året før.
Vi har nettopp fornya kontrakten som leverandør av fordelingstransformatorer for Hafslund Nett

Publisert: 11.07.2017 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12