Dette viser dei siste tala for NAV i Møre og Romsdal.
Totalt er det 12. mai 942 delvis ledige i Sykkylven, mot at talet var 133 i midten av mars.
I tillegg er det no 230 heilt utan arbeid. Dette er ein reduksjon frå 914 i mars.
Hovedgrunnen til at mange har gått over frå heilt til delvis permitterte er at produksjonen ved Ekornes er i gradvis gang igjen etter at 900 tilsette fekk varsel om permitteringar i mars.
Totalt er det dermed 1.172 personar i Sykkylven som står heilt eller delvis utan arbeid.
Ulstein har 406 (8,9 %) og Hareid 230 (8.8 %), medan Vanylven er best stilt med 63 heilt ledige (4,0%)
Ålesund har 2.580, som utgjer 7,3 prosent av arbeidsstyrken, men talet er ned frå 3.944 20. mars.
Talet på delvis ledige har i same periode auka frå 7.715 til 8.980.
– Dei siste 14 dagane ser vi ein stor effekt av at myndigheitene har justert koronatiltaka og starta ei gjenopning av samfunnet.
- Antal heilt arbeidsledige har gått ned med 2.472. At antal delvis ledige har auka med 1.265 tyder nok på at mange av disse er tilbake i arbeid i redusert stilling, seier direktør Stein Veland, i ei pressemelding.
Totalt er det 12. mai 942 delvis ledige i Sykkylven, mot at talet var 133 i midten av mars.
I tillegg er det no 230 heilt utan arbeid. Dette er ein reduksjon frå 914 i mars.
Hovedgrunnen til at mange har gått over frå heilt til delvis permitterte er at produksjonen ved Ekornes er i gradvis gang igjen etter at 900 tilsette fekk varsel om permitteringar i mars.
Totalt er det dermed 1.172 personar i Sykkylven som står heilt eller delvis utan arbeid.
Herøy, Ulstein og Hareid
Av heilt ledige er situasjonen verst i Herøy med 423 personar, noko som utgjer 9,2 prosent av arbeidsstyrken.Ulstein har 406 (8,9 %) og Hareid 230 (8.8 %), medan Vanylven er best stilt med 63 heilt ledige (4,0%)
Ålesund har 2.580, som utgjer 7,3 prosent av arbeidsstyrken, men talet er ned frå 3.944 20. mars.
- Ser effekten av gjenopninga
Totalt har antal heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal sidan utgangen av april gått ned frå 11.656 til 9.184. Andelen heilt ledige er dermed redusert frå 8,4 % til 6,6 %.Talet på delvis ledige har i same periode auka frå 7.715 til 8.980.
– Dei siste 14 dagane ser vi ein stor effekt av at myndigheitene har justert koronatiltaka og starta ei gjenopning av samfunnet.
- Antal heilt arbeidsledige har gått ned med 2.472. At antal delvis ledige har auka med 1.265 tyder nok på at mange av disse er tilbake i arbeid i redusert stilling, seier direktør Stein Veland, i ei pressemelding.
Publisert: 12.05.2020 15:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57