Sykkylving er ny Norwegian-sjef
Blir ny konsernsjef i flyselskapet etter å ha leia den økonomiske ryddejobben.
(NPK-NTB-NETT.NO): Geir Karlsen frå Sykkylven blir ny konsernsjef i Norwegian, etter at Jacob Schram sluttar.
Styret i flyselskapet vedtok søndag å avslutte Jacob Schrams kontrakt. Geir Karlsen går frå jobben som finansdirektør til konsernsjef i flyselskapet.
Det opplyser Norwegian i ei pressemelding og ei børsmelding måndag morgon.
Har vore finansdirektør sidan 2018
Sykkylvingen blei også peika ut som ein mogleg arvtakar, da tidlegare Norwegian-sjef Bjørn Kjos trekte seg. Den nye konsernsjefen har vore finansdirektør for Norwegian sidan april 2018, og har leia den økonomiske snuoperasjonen selskapet har vore gjennom.
– Eg er glad for å kunne kunngjere at Geir Karlsen har akseptert førespurnaden i styret om å tre inn i rolla som konsernsjef i Norwegian. Karlsen har leidd ein vellykka finansiell rekonstruksjon av Norwegian, og han har den kompetansen, fokuset, tilliten og engasjementet som gjer han til den beste konsernsjefen for Norwegian, seier styreleiar Svein Harald Øygard.
Geir Karlsen har tidlegare vore Group CFO i det London-baserte shippingselskapet Navig8 Group, og har brei erfaring frå børsnoterte selskap i shipping og offshore. Han er siviløkonom med utdanning frå Handelshøyskolen BI.
Forsøkte redusere sluttavtalen
Schram har ni månaders oppseiingstid, og vil støtte styret på heiltid i denne oppseiingstida ut mars neste år.
– Han vil inntil då få den noverande lønna si, og deretter vil eit 15-månaders sluttvederlag bli gitt i månadlege utbetalingar, som spesifisert i tilsetjingskontrakten frå 20. november 2019. Styret har prøvd å redusere sluttvederlaget for å spegle utfordringane luftfarten står overfor, men lykkast ikkje å komme til semje om dette, heiter det i pressemeldinga.
Publisert: 21.06.2021 09:09
Sist oppdatert: 21.06.2021 10:54