Halsebakk varsla om dei nye kontraktane då han hadde statsminister Erna Solberg på besøk på Sølvtrans-kontoret tysdag.
Dei to båtane Aas. Mek. Verksted skal bygge får ein lastekapasitet på 3000 kubikkmeter kvar, og kostar i underkant av 400 millionar kvar. Begge skal leverast til Sølvtrans i 2023, ifølgje Halsebakk.
Sølvtrans kjem til å signere ytterlegare ei byggekontrakt i år, om bygging av ein brønnbåt med ein lastekapasitet på 5000 kubikkmeter, seier Halsebakk til NETT NO. Det blir den neste største brønnbåten i Sølvtrans-flåten.
Aas og Myklebust
Den neste kontrakten som skal signerast i år kjem til å gå til Myklebust Verft, etter det NETT NO har grunn til å tru.
Grunnen til at Myklebust Verft blir neste er at Sølvtrans har eit omfattande og langvarig nybyggingsprogram, og avtale med Aas Mek. Verksted og Myklebust Verft om å fordele oppdraga mellom dei.
Halsebakk varsla alt i august 2019 at Sølvtrans skulle byggje brønnbåtar på løpande band.
Reiarlaget har sikra seg plass til å bygge båtane hos Aas Mek. Verksted og Myklebust Verft.
20 båtar
Nybyggingsprogrammet omfattar i alt 20 båtar, medrekna dei to kontraktane som blir signert i dag og den komande kontrakten med Myklebust Verft. Nybyggingsprogrammet går fram til og med 2025.
Sølvtrans fekk overlevert ein ny brønnbåt frå Aas Mek. Verksted i førre veke. Neste år får brønnbåtreiarlaget overlevert to nye båtar, i 2022 fem båtar og i 2023 fire båtar.
Publisert: 04.02.2021 16:02
Sist oppdatert: 03.06.2021 12:30