Soelvtrans eigarar kjoeper Dess Aquaculture
SAMANSLÅING? : Investeringsfondet Antin er største eigar i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans, der Roger Halsebakk (biletet) er sjef og medeigar. No blir fondet også største eigar i brønnbåtselskapet Dess Aquaculture.
Nytt

Sølvtrans-eigarar kjøper Dess Aquaculture

Sølvtranssjef Roger Halsebakk er ein av kjøparane som overtek konkurrenten Dess Aquculture. 

21.12.2020
Oppdrettselskapet Mowi og John Fredriksen-selskapet Hemen Holding sel brønnbåtreiarlaget til eit selskap som er kontrollert av største eigar i Sølvtrans og med Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk på eigarsida.
får Mowi og Hemen Holding ein gevinst på 600 millionar kroner kvar frå salet.
Kjøpar er "an entity controlled by Antin Infrastructure Partners"
Antin Infrastructure Partners er også største aksjonær i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund, der Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk også er medeigar gjennom investeringsselskapet sitt, Ronja Capital. Halsebakk stadfestar i ei tekstmelding til NETT NO at Ronja Capital også er med på eigarsida i kjøpet av Dess Aquaculture, men svarar ikkje på kva som blir konsekvensen av Dess-kjøpet no når to konkurrentar får same eigar:
"Ronja er med. Ut over det ingen kommentar", skriv Halsebakk.

Ut av brønnbåtbransjen

Dess Aquaculture blei etablert av Fredriksen-kontrollerete Deep Sea Supply og Mowi (tidlegare Marine Haervest), som eit samarbeid der Mowi ville bygge opp ein eigen flåte av brønnbåtar. Med salet går Mowi ut av brønnbåtbransjen og attende til å leige brønnbåttenester.

Dess Aquaculture har ein flåte på åtte brønnbåtar, ein bløggebåt eitt servicefarty. I tillegg har reiarlaget to brønnbåtar under bygging i Tyrkia.
Brønnbåtar fraktar levande fisk, bløggebåtar død fisk der strupen er kutta over, og servicebåtar blir brukt til til arbeid på oppdrettsanlegg - til dømes notskift.

Milliard-program

Sølvtrans driv 19 brønnbåtar frå hovudkontoret i Ålesund og fem frå kontoret i Chile, ifølgje nettsida til selskapet.
Selskapet har også eit omfattande byggeprogram. I november i år blei de signert ein avtale om to nybygg frå Aas Merk. Verksted på Vestnes og det er venta at også Myklebust Verft får ein kontrakt i år.

Neste år får brønnbåtreiarlaget overlevert to nye båtar, i 2022 fem båtar og i 2023 fire båtar.

Publisert: 21.12.2020 13:13

Sist oppdatert: 06.08.2021 11:25