Nytt
Sølvtransbåt nummer seks for Myklebust
Myklebust skal bygge ein brønnbåt med 5000 kubikkmeter tank-kapasitet for Sølvtrans. Verftet har brønnbåtar for nesten to milliardar kroner under bygging.
09.02.2021
Kontrakten som er offentleggjort i dag er den same som Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk hinta om var på veg då han møtte statsminister Erna Solberg i november 2020.
Den dagen offentleggjorde han to kontraktar med Aas. Mek. Verksted og signaliserte samstundes at også Myklebust Verft ville få fleire oppdrag.
- Den går rett inn i ein langsiktig kontrakt, seier kommunikasjonssjef Harald Tom Nesvik i Sølvtrans om den nye brønnbåten.
Dei tre første i denne serien har 4000 kubikkmeter lastekapasitet og NETT NO har tidligare anslått at det er båtar som kostar omlag 400 millionar kroner kvar. Byggeprogrammet Myklebust Verft har for Sølvtrans nærmar seg tilsaman to milliarder kroner, ifølgje ei pressemelding frå dei to selskapa.
To av brønnbåtane skal leverast i år, dei to neste i 2022. Den båten som det er offentleggjort kontrakt på i dag skal leverast i fjerde kvartal 2022. Den blir 92,5 meter lang og 20 meter brei.
Skroga blir bygd hos verftet Hat-San i Tyrkia.
- Det er veldig positivt at vi har så lang horisont, seier Hide om at verftet no har nybyggingsoppdrag fram til slutten av 2020.
Myklebust vart skilt ut av Kleven-konsernet i 2018, og satsa på ein kombinasjon av nybygging- og vedlikhald, reparasjon og ombygging.
Verftet har tidlegare levert to brønnbåtar til Sølvtrans, med 3500 kubikkmeter lastekapasitet kvar.
Dei tre båtane på 4000 kubikkmeter som er under bygging no er like, men lenger. Den nye på 5000 kubikkmeter er både lenger og breiarar enn den første. Alle er teikna av Kongsberg Maritime, og likskapen mellom dei er ein fordel for verftet.
- Vi kan fortsette innanfor eit segment vi har opparbeidd meir og meir kunnskap om. Det betyr mykje for eit verft risikomessig, seier Hide.
Den dagen offentleggjorde han to kontraktar med Aas. Mek. Verksted og signaliserte samstundes at også Myklebust Verft ville få fleire oppdrag.
- Den går rett inn i ein langsiktig kontrakt, seier kommunikasjonssjef Harald Tom Nesvik i Sølvtrans om den nye brønnbåten.
Fire på rad
Båten som Sølvtrans har skrive kontrakt på i dag blir den nest største brønnbåten reiarlaget har, og inngår i ein serie på fire båtar som er under bygging, konstruksjon eller planlegging hos Myklebust verft.Dei tre første i denne serien har 4000 kubikkmeter lastekapasitet og NETT NO har tidligare anslått at det er båtar som kostar omlag 400 millionar kroner kvar. Byggeprogrammet Myklebust Verft har for Sølvtrans nærmar seg tilsaman to milliarder kroner, ifølgje ei pressemelding frå dei to selskapa.
To av brønnbåtane skal leverast i år, dei to neste i 2022. Den båten som det er offentleggjort kontrakt på i dag skal leverast i fjerde kvartal 2022. Den blir 92,5 meter lang og 20 meter brei.
Skroga blir bygd hos verftet Hat-San i Tyrkia.
440 jobbar
I dag har Myklebust Verft i Gursken 140 eigne tilsette og i tillegg innleigde og folk frå leverandørar. I alt er det 440 folk i arbeid på verftet, ifølgje dagleg leiar Inge-Jonny Hide.- Det er veldig positivt at vi har så lang horisont, seier Hide om at verftet no har nybyggingsoppdrag fram til slutten av 2020.
Myklebust vart skilt ut av Kleven-konsernet i 2018, og satsa på ein kombinasjon av nybygging- og vedlikhald, reparasjon og ombygging.
Verftet har tidlegare levert to brønnbåtar til Sølvtrans, med 3500 kubikkmeter lastekapasitet kvar.
Dei tre båtane på 4000 kubikkmeter som er under bygging no er like, men lenger. Den nye på 5000 kubikkmeter er både lenger og breiarar enn den første. Alle er teikna av Kongsberg Maritime, og likskapen mellom dei er ein fordel for verftet.
- Vi kan fortsette innanfor eit segment vi har opparbeidd meir og meir kunnskap om. Det betyr mykje for eit verft risikomessig, seier Hide.
Publisert: 09.02.2021 16:00
Sist oppdatert: 03.06.2021 12:42