Erik Espeset
UTBYTTE: Ålesund kommune er største aksjonær i Tafjord Kraft og kan vente seg eit utbytte på 65 millionar kroner etter 2024. Tafjord Kraft-sjef Erik Espeset (biletet) har lagt fram årsrapporten ro 2024 i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tafjord taper pengar på fyringsanlegg

Tafjord Kraft-konsernet tener på alt, unntatt fyringsanlegget i Ålesund. Auka CO2-avgift er årsaka.

29.04.2025

Fyringsanlegget i Breivika i Ålesund fyrer med restavfall og produserer kraft og varme til fjernevarmeanlegg i Ålesund.

Fyringa gir CO2-utslepp, og ein auka i CO2-avgifta på 84 prosent i 2024 medverka til at forretningsområdet energigjennvinning gjekk med 5,3 millionar kroner i underskot på drifta i fjor. Driftsinntektene var 172 millionar kroner. I 2023 vart driftresultatet for forretningsområdet minus tre millionar kroner.

"Virksomheten har inntekter fra både energisalg og mottak av avfall, men møter økende konkurranse fra svenske anlegg, hvor avgiftsnivået er lavere. Den norske forbrenningsavgiften, som ble innført i 2022, har forverret konkurransesituasjonen betydelig.", skriv Tafjord Kraft i årsrapporten for 2024.

124 millionar kroner i utbytte
Tafjord Kraft foreslår eit utbytte til eigarane på 124 millionar kroner etter 2024.

Det er ein nedgang frå 176 million kroner i 2023, men høgare enn gjennomsnittet på 104,1 millionar kroner dei siste fem år.

Ved årsskiftet eigde Ålesund kommune 52,6 prosent, Eviny (tidlegare BKK) 43,1 prosent og Fjord kommuen 4,3 prosent av Tafjord Kraft.

Mindre kraft
Redusert kraftproduksjon og lågare kraftprisar er hovudårsaka til at konsernet fekk reduserte inntekter og lønsemd i 2024 samanlikna med rekordåret 2023 (sjå tabell).

Tafjord Kraft as (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt1689,51797,4
Driftsresultat552,5779,7
Resultat før skatt467,7760,9

Publisert: 29.04.2025 09:50

Sist oppdatert: 29.04.2025 09:50

Mer om