Tage og kring 50 andre har likevel jobb
MEIR JOBB: PSV-skipet som førebels er blått, er kome til kai ved Kleven verft utanfor Ulsteinvik. Dette - og andre nye oppdrag - gjer at mellom anna Tage Beddari (innfelt) får behalde jobben.
Nytt

Tage og kring 50 andre har likevel jobb

Havyard-PSV-en som skal byggjast ferdig, er kome til kai ved Kleven verft. Dei siste oppdraga har mellom anna sikra jobben til Tage Beddari.

Marius Rosbach
18.02.2020
For halvanna veke sidan blei det klart at . Verftet har teke over arbeidet med å utruste og levere eit forsyningsskip frå Havyard.
Skroget er allereie på plass ved verftet. Sist Kleven hadde offshoreskip til kai, var då det siste skipet til Maersk sin serie med ankerhandterarar, .

Ventar på finansiering

Arbeidet med PSV-skipet av designtypen Havyard 833 WE vil skje om ein underleverandør for Havyard sitt verft i Leirvik. Førebels ventar verftet på at all finansiering kjem på plass, før arbeidet tek til på sjølve skipet.
– No er det i første rekke planlegging, også går vi over båten og gjer klart til oppstart, fortel verftsdirektør Kjetil Bollestad ved Kleven til NETT NO.
Kontrakten mellom Kleven og Havyard var skilt i to delar, og endeleg avtale er avhengig av at finansiering på byggjelånet kjem på plass.

Får likevel behalde jobbane

Med offshoreskipet til Havyard, lektaren Boabarge 33 og eit , har Kleven arbeid til kring 200 arbeidarar på sjølve verftet. Det betyr at kring 50 tilsette som stod i fare for å miste jobbane sine i haust, likevel har jobb å gå til.
Då det blei klart at Kleven fekk ny eigar i DIV Group, hadde fleire tilsette - mellom anna vaktlaget som bemannar porten - fått oppseiingane sine. Tage Beddari var , og kan no opplyse til NETT NO at alle desse har jobb vidare.
– No er vi i underkant av 200 arbeidarar ved verftet, og kring 240 tilsette i Kleven Maritime Contracting. Med andre ord vil det vere i underkant av 450 i arbeid ved verftet framover, fortel verftsdirektør Bollestad.
Det er også til verftet i løpet av året. Først skal alle transaksjonar formelt på plass, noko ein reknar med skjer i løpet av februar månad.

Les meir:



Skal til canadisk reiarlag

Historia om forsyningsskipet starta med ei kontrakt til ein verdi på 350-millionar, som Havyard sikra seg med islandske Fafnir våren 2014.

Men oljeprisen fall brått ikkje lenge etter at avtalen var signert. Etterpå blei overtakinga utsett fleire gonger, før kontrakten blei kansellert januar 2017.
Etter at Havyard fekk som kjøpar, har det blitt nye forseinkingar ved Leirvik-verftet. Det førte til at Kleven skal overta oppdraget med å levere skipet til sommaren.

Les meir om skipet:





Publisert: 18.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53