Talet paa konkursar gaar framleis ned
Nytt

Talet på konkursar går framleis ned

– Svært overraskande, seier kredittøkonom. Sjekk kven som gjekk konkurs på Nordvestlandet i juli.

04.08.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Koronakrisa har enno ikkje slått til når det gjeld talet på konkursar. I juli var det endå ein gong ein konkursnedgang samanlikna med same månad i fjor.
Nedgangen i talet på bedrifter som har vorte slått konkurs eller tvangsavvikla i juli i år, var heile 23 prosent samanlikna med juli i fjor, viser ferske tal.
– Konkurstala har gått ned månad for månad etter at koronakrisa kom i mars. Det er svært overraskande, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i data- og analyseselskapet Bisnode.
Hittil i år har 3.464 bedrifter måtta kaste inn handkleet. Det er ein nedgang i konkursar på 17,9 prosent og 10,3 prosent når også tvangsavviklingane blir inkluderte.

Størst nedgang i Vestland

Tal frå dei ulike fylka viser at Vestland er mellom områda i landet med største nedgang i konkurstala frå i fjor. I år gjekk er det registrert konkursopning i 24 selskap i løpet av juli månad, medan det i fjor var 36 konkursar.
Nedgangen i Vestland fylke så langt i år svarar til 33 prosent samanlikna med i fjor.
I Møre og Romsdal blei det i juli i år registrert 15 konkursar - mellom anna dei tre selskapa frå Kleven Verft. Det er om lag på nivå med juli i fjor, då det var 17 konkursar i fylket. Nedgangen i Møre og Romsdal så langt i år er på kring 18 prosent, samanlikna med i fjor.
Troms og Finnmark er det fylket der talet på konkursar gjekk mest opp i juli i år.
(ekstern lenke)
(ekstern lenke)

Ventar auke

Kredittøkonom Ruud i Bisnode er ikkje optimistisk med tanke på den vidare utviklinga.
– Vi er skeptiske til om denne nedgangen vil halde fram mykje lengre no som sommarferien nærmar seg slutten, seier han i ei pressemelding.
Ikkje overraskande er det hotell- og restaurantbransjen som opplever den største auken i talet på konkursar hittil i år, med heile 13,5 prosent. Elles er det ein nedgang i nesten alle bransjar.
I detaljhandelen er nedgangen på 13,5 prosent, medan i bygg- og anleggsbransjen, som er den bransjen som tradisjonelt har flest konkursar totalt, er nedgangen på heile 24,7 prosent.

Les også:




Vi er skeptiske til om denne nedgangen vil halde fram mykje lengre no

Publisert: 04.08.2020 09:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00