Nytt
Tapa krympar i Sparebank 1 Søre Sunnmøre
Sparebank1 Søre Sunnmøre bokførte ikkje ei krone i tap i tredje kvartal.
18.11.2014
- Vi har begynt å få ein meir normal situasjon på tapssida enn vi har hatt, seier finanssjef Per Olav Opsal i Sparebank1 Søre Sunnmøre.
Ved utløpet av tredje kvartal 2013 hadde banken bokført tap på 33 millionar kroner. Etter tredje kvartal i 2014 er tapsavsetninga i rekneskapen redusert til ni millionar kroner.
Utviklinga er i samsvar med bodskapen frå banken då den la fram åreknskapen for 2013 i februar.
- Vi er komne eit godt stykke på veg. Vi føler oss mykje meir bekvemme enn vi gjorde for nokre år sidan, og håpar og trur tapa blir redusert også dette året, sa Opsal.
"Samla tap på utlån siste 5-6 år har vore historisk store, men vi har tru på at vi skal ha bak oss dei uvanlege store tapa i ein normal økonomisk utvikling. I 2013 er det gjort nedskriving på aksjer med 3,2 mill kr", heiter det i årsrapporten.
Lånet er på rundt 10 millionar kroner. Førebels er det uklart kva som skjer med samdrifta. Inntil vidare blir den driven vidare, medan dei tidlegare eigarane, banken og bustyraren arbeider med å avklare den økonomiske og juridiske situasjonen, og om den skal drivast vidare eller ei.
Ved utløpet av tredje kvartal 2013 hadde banken bokført tap på 33 millionar kroner. Etter tredje kvartal i 2014 er tapsavsetninga i rekneskapen redusert til ni millionar kroner.
Tilbakefører tap
I tredje kvartal åleine gjer banken ingen nye tapsavsetningar. Tvert i mot så tilbakefører den nesten ein million kroner i tidlegare tapsavsetningar.Utviklinga er i samsvar med bodskapen frå banken då den la fram åreknskapen for 2013 i februar.
Snudde tapsutviklinga
Etter fleire år med historisk høge tap, snudde tapsutviklinga ifjor. Det var utlån til eigedomsprosjekt som dreiv tapa i veret, og det er betre kontroll med eigedomsutlåna som er hovudårsaka til at tapa gjekk ned ifjor, sa økonomi- og finanssjef Per Olav Opsal i Sparebank 1 Søre Sunnmøre då årsreksnskapen var klar.- Vi er komne eit godt stykke på veg. Vi føler oss mykje meir bekvemme enn vi gjorde for nokre år sidan, og håpar og trur tapa blir redusert også dette året, sa Opsal.
"Samla tap på utlån siste 5-6 år har vore historisk store, men vi har tru på at vi skal ha bak oss dei uvanlege store tapa i ein normal økonomisk utvikling. I 2013 er det gjort nedskriving på aksjer med 3,2 mill kr", heiter det i årsrapporten.
Risikerer fellesfjøs-tap
Banken er største utlånar til fellesfjøs-selskapet ved Sæbø, som melde oppbod i førre veke.Lånet er på rundt 10 millionar kroner. Førebels er det uklart kva som skjer med samdrifta. Inntil vidare blir den driven vidare, medan dei tidlegare eigarane, banken og bustyraren arbeider med å avklare den økonomiske og juridiske situasjonen, og om den skal drivast vidare eller ei.
Vi har begynt å få ein meir normal situasjon på tapssida enn vi har hatt
Publisert: 18.11.2014 13:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39