NPK-NTB/NETT NO: - Det er god aktivitet i fleire bransjar i Møre og Romsdal, og dette gjenspeglar seg tydeleg i bedriftene sitt behov for kompetanse og arbeidskraft, seier regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Utfordringa med å få tak i tilsette med rett kompetanse er enda større i Møre og Romsdal enn på landbasis, der 60,5 prosent av bedriftene svarar av dei ikkje får tak i folk med kompetansen dei er ute etter.
Det kjem fram i NHO sitt Kompetansebarometer 2025, som nettopp er publisert.
Manglar 23.300 tilsette
NHO sine medlemsbedrifter fortel at dei manglar 23.300 tilsette, ifølgje rapporten.
Innan ingeniør- og tekniske fag er etterspurnaden er størst. Til saman 2.664 bedrifter har svart på spørsmål om kva typar arbeidarar dei treng.
NHO-direktør Ole Erik Almlid seier vi må utdanne folk i tråd med behovet i arbeidslivet. Samtidig ønskjer han fart på kompetansehevinga av eigne tilsette i bedriftene.
– Det er viktig for å halde oppe og utvikle nødvendig kompetanse, seier han og legg til at regjeringa også må følgje opp forslaga frå kompetansereformutvalet.
Utvalet leverte forslaga sine i januar 2025. Her vart det mellom anna lagt fram tiltak som skulle stimulere til at bedrifter og tilsette får den kompetansen arbeidslivet treng.
Ikkje interessert
I NHOs kompetanserapport oppgir medlemmene at dei manglar dei rette folka, men samtidig seier 81 prosent at kompetanseutviklinga dei tilbyr i bedrifta, er med på å dekkje fagbehovet til bedrifta.
Dei tilsette er ikkje interesserte nok i kompetanseutvikling, seier mange i NHOs bedrifter. Manglande motivasjon til å delta er mest utbreidd.
– Mange bedrifter peikar også på utfordringar med å leggje til rette for kombinasjonen av arbeid og utdanning, kostnader og manglande oversikt over tilbod om etter- og vidareutdanning, viser rapporten.
Samtidig seier dei bedriftene som har tilsette med rett kompetanse at dei bruker kompetanseutvikling strategisk. Dei jobbar dessutan systematisk og langsiktig for å få dette til.
Distrikts-Noreg
I tillegg til at bedriftene manglar arbeidarar som har ingeniør- og tekniske fag, blir det også rapportert om stor mangel på tilsette med handverksfag, IKT og folk med økonomisk- og administrative fag.
– Mangelen på kompetanse går direkte utover konkurransekrafta til bedriftene, og bremsar verdiskaping, omstilling og vekst. Konsekvensane er mellom anna at bedriftene taper kundar og må redusere aktiviteten sin, seier NHO-direktøren.
Så mange som 41 prosent av bedriftene seier dei har tapt kundar eller marknadsdelar som følgje av udekt kompetansebehov.
Bedriftene i Distrikts-Noreg er dei som i høgast grad manglar dei rette tilsette. Dette gjeld bedrifter i dei minst sentrale kommunane og i fylke som Finnmark og Troms.
Publisert: 23.02.2026 08:51
Sist oppdatert: 27.02.2026 09:35






