Taper 80 mill paa Enghav
19 MILLIONAR: Domstein ASA betalte tre millionar for driftstilbehør og bilar og nesten 16 millionar for varelageret. Rolf Domstein skal sjølv leie det nye selskapet under namnet Domstein Sjømat AS.
Nytt

Taper 80 mill. på Enghav

Sjømatleverandørar langs heile kysten taper til saman over 80 millionar kroner på konkursen i Enghav. Domstein betalte knapt 19 millionar for selskapet.

Ivar Myklebust Longvastøl
26.11.2013
Dette går fram av førebels burapport som bustyrar Jo Rodin la fram på første skiftesamling i Nedre Romerike tingrett i dag 26. november.

Sinte leverandørar

Ein dag før fristen gjekk ut, var det meldt inn uprioriterte krav på 81,6 millionar kroner, der dei fleste kreditorane er sjømatselskap som hadde pengar til gode då styret i Enghav AS melde oppbod 23. oktober.
Fleire av desse krev ifølgje FiskeribladetFiskaren gransking av konkursen og stiller spørsmål ved at ein av dei største aksjonærane i Enghav, Domstein ASA, allereie etter ei veke var i posisjon til å kjøpe konkursbuet.

Taper stort på forsikring

Blant dei som har tapt mest, er kredittforsikringsselskapet Atradius, som har forsikra mange av leverandørane sine uteståande krav i Enghav. FiskeribladetFiskaren nemner også Hitramat og Brødrene Berggren og Berggren blant kreditorane, i tillegg til fleire mindre fiskemottak på Sørlandet.

Domstein betalte 19 mill.

Domstein ASA betalte til saman 18,7 millionar for ein stor del av verdiane i Enghav.
Domstein betalte 15,7 millionar kroner for varelageret, og i tillegg tre millionar kroner for driftstilbehør, ein del av bilparken og varemerke og domenenamn.

Solid rabatt

Varelageret hadde ein bokført verdi på 24,5 millionar.
Rabatten var enda større på driftstilbehøret, som samla også var bokført til nesten 25 millionar, inkludert aktiviserte investeringar på IT-system, bygningstilpassingar, belånte bilar med meir.
Avtalen med Domstein omfattar ikkje aksjar i dotterselskapa Naustvik Storkjøkken og Sea Bell AS.

112 kan få fast jobb

Det var fleire interessentar til å kjøpe delar av konkurbuet, men det var berre Domstein som ville drive det samla vidare.
Omsynet til dei tilsette vog tungt for bustyret, og det nye selskapet Domstein Sjømat AS har i avtalen med bustyret og SG Finans plikta seg til å ta med 127 av 150 tilsette vidare, der 112 får tilbod om fast jobb.

Samla krav på 172 mill.

Samla krav er på 172,5 millionar, der pantesikra krav utgjer 83 millionar. Enghavs banksamband SG Finans AS er klart største i denne gruppa med pant i varelager og kundefordringar.
Venta løns- og feriepengekrav er venta å stige til 17,5 millionar, går det fram av rapporten som vart lagt fram i Nedre Romerike tingrett onsdag.

Verdiar i kundekrav

Dei samla verdiane i buet er på cirka 80 millionar kroner, viser bustyrars tal.
I tillegg til varelager og driftstilbehør som Domstein har betalt for, reknar buet med at dei reelt har til gode 50-55 millionar frå kundar som ikkje har betalt for varer dei har fått.
Alt som kjem inn her, går rett inn på kontoen til SG Finans.
Verdiane i Naustvik Storkjøkken er bokført til seks millionar, og Enghav hadde dessutan 3,5 millionar kroner i banken.

Kan bli pengar til løn

Bustyrar skriv at det er for tidleg å konkludere, men at det kan bli delvis dekking av løns- og feriepengekrav.
Det betyr at leverandørane ikkje har noko å hente.

Domstein har plikta seg til å ta med 127 av 150 tilsette vidare

Publisert: 26.11.2013 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30