Taper paa korona forseinking
VENTAR: Fjord1-sjef Dagfinn Neteland aukar inntektene og betra driftsresultatet, men kunne lagt fram betre tal om utbygginga av ladeanlegg ved ferjekaiene ikkje hadde vore foreseinka.
Nytt

Taper på korona-forseinking

Korona-epidemien har gjort det verre å få ekspertar frå utlandet for å bygge ferdig ladetårn til el-ferjene. Det taper Fjord1 på.

19.11.2020
Utan utanlandske fagfolk blir til dømes ladetårn på ferjekaiene ikkje ferdig som først planlagt.
For Fjord1 er det negativt av fleire grunnar, skriv selskapet i kvartalsrapporten for 3. kvartal 2020:
Straum er billegare drivstoff enn fossilt drivstoff, utan ladetårn blir det lenger å vente på reduserte drivstoffkostnadar.Fjord1 har også betalt for infrastruktur som må til på land for å skaffe straum til ferjene. Så lenge anlegga ikkje er ferdig blir dei heller ikkje overtatt og betalt for av fylke eller staten, slik som avtalt. Det bind kapital for Fjord1.Så lenge elferjene må bruke dieselmotoren i staden for batteri må selskapet også vente på tilskotet for å ha reduseret NOx-utslepp.

Mindre gjeld

Fjord1 er i ferd med å sjå slutten på eit omfattande nybyggingsprogam. For 12 månadar sidan hadde selskapet 5,8 milliardar kroner i netto renteberande gjeld. No er det redusert til 3,8 milliardar.
Planen var at reduksjonen i gjelda skulle vere enda større, og selskapet har bedt om og fått ja frå både bankar og obligasjonslångivarar til at selskapet ikkje kan oppfylle dei opphavlege lånevilkåra.

Kan bli tatt av børs

Etter aksjekjøp i 2. kvartal kontrollerer Havila Holding og det amerikanske investeringsfondet Vison Rigde Partners til saman 88,81 prosent i selskapet. Dei har kunngjort å ville kjøpe ut resten av aksjonærane til liknande vilkår som ved aksjekjøpa i 2. kvartal. Om eit bod blir lagt fram og akseptert blir Fjord1 tatt av børs.
Fjord1 vart i går handla til kurs 42,90 kroner pr. aksje, som verdset selskapet til 4,3 milliardar kroner.

Publisert: 19.11.2020 08:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:05