NETT NO/NPK-NTB: Fyllingsgraden i norske vasskraftmagasin er redusert frå 95,7 til 63,6 prosent sidan toppen i november til starten av februar, viser statistikk frå NVE.
Det er ein nedgang på 33 prosent, men likevel eit nivå godt over gjennomsnittet på denne tida av året.Tørt ver etter årskiftet og fram til no gjer at det er lite snø i fjellet.
Analyseselskapet SKM Energy Predictor anslår at energien som er magasinert i snømengda i fjellet, i vatn i elvar og bekkar til magasina og i sjølve magasina er redusert med 80 prosent, sidan toppen i november. Det betyr at det må meir nedbør til om ikkje fyllingsgraden skal kome under gjennomsnittet til våren.
Veromslaget som har kome etter ein lang kuldeperiode har fått prisane på kraft for å levering i mars til å falle 14 prosent i dag, samanlikna med på fredag, i følgje Tussa. Prisen i spotmarknaden fell ikkje like mykje, mellom anna på grunn av framleis liten produksjon av vindkraft.
Lågaste straumpris på 18 år
Starten på 2021 har vore svært kald og straumprisane har sett nye rekordar.
I fjor var straumprisen på sitt lågaste sidan 2002, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Den gjennomsnittlege straumprisen for hushalda, utanom avgifter og nettleige, var 20,7 øre per kilowattime (kWh) i 2020. Det er heile 57 prosent lågare enn året før.
Til samanlikning var straumprisen første veke i februar i år oppe i 80 øre per kilowattime, utan avgifter og nettleige.
Rekordmykje snø førre vinter
Årsaka er rekordmykje snø i fjella vinteren 2019/2020 og svært sterk hydrologisk balanse gjennom året. Den hydrologiske balansen er summen av den anslåtte energimengda av snø, mark- og grunnvatn og fyllingsnivået i vassmagasina i landet.
Den totale straumprisen for hushald, som består av både kraftpris, nettleige og avgifter, var i gjennomsnitt 80,3 øre/kWh i 2020, som er 31 prosent lågare enn i 2019.
Tala frå SSB viser òg at det i 2020 lønte seg overlegent best å betale spotpris for straumen framfor variable prisavtalar eller eldre fastprisavtalar. For spotprisavtalar var prisen heilt nede i 17,8 øre/kWh, medan dei med variable avtalar i gjennomsnitt betalte 30,4 øre/kWh. Gjennomsnittet for dei med eldre fastprisavtalar var heile 35,6 øre/kWh, eksklusive avgifter og nettleige.
Publisert: 15.02.2021 13:06
Sist oppdatert: 15.02.2021 16:29