Tapte over 400 millionar på skipsbygging
Havyard Group arbeider med refinansieringsplan som kan endre konsernet.
Skipsbyggingsverksemda til Havyard Group gjekk med 407,7 millionar kroner i underskot før skatt i 2019.
Vanskane i skipsbyggingsverksemda forplanta seg også til andre deler av konsernet og er hovudårsak til at konsernet i fjor enda med minus 442,2 millionar kroner i resultat før skatt og ein negativ eigenkapital på 114 millionar kroner.
No er konsernsjef Gunnar Larsen og kollegaene i gang med å få til ei refinansiering av selskapet, i samarbeid med meklarhuset Fearnley Securities.
I første omgang er målet å få til ei refinansiering av eit obligasjonslån på 90 millionar kroner. Det forfell til betaling 13. september. Lånet skulle opphavleg betalast i mars, men obligasjonseigarane gjekk med på å utsette fristen, først til 13. juni, så til 13 september.
Vurdere alle alternativ
I mai fekk Havyard Group på plass avtalar som sikra at konsernet kan bygge ferdig seks skip, tre brønnbåtar og tre serviceskip for vindkraftanlegg til havs. Det siste av dei skal leverast neste sommar.
Med den avklaringa kunne arbeidet med refinansieringa av konsernet starte for alvor, seier Larsen.
Refinansieringa kan innebere ei endring av konsernet. Det er ikkje sikkert at konsernet ser ut som i dag når refinansieringa er omme. Dette skriv Larsen om refinansieringsprosessen i årsmeldinga for 2020:
" I denne sammenheng vil en vurdere strategisk retning for gruppen."
Han presiserer at utgangspunktet for refinansieringa vil vere eit kartlegging av kva alternativ som finnes for ei refinansiering, og at ein deretter vil bestemme seg for kva alternativ som er best.
Selde ut fiskeri
I 2019 selde Havyard-konsernet ut aksjeposten på 75 prosent i MMC First Process, eit selskap som lagar utstyr og anlegg til fiskeri- og oppdrettsnæringa. Salet gav 225 millionar kroner inn i kassa til Havyard Group i fjor sommar, og konsernet trudde med det at det ikkje var behov for ei kapitalinnsprøyting.
I tillegg til skipsbyggingsverksemda gjennom New Havyard Ship Technology driv Havyard Group med skipsdesign, skipselektronikk og har eit bemanningsselskap.
Konsernet sysselsette 526 årsverk i 2019.
Sævik-familien eig over halvparten av aksjane i det børsnoterte selskapet, gjennom Havila Holding og personlege investeringsselskap. Selskapet er verdsett til 54 millionar kroner på Oslo Børs.
Havila Holding eig 33,34 prosent av aksjane i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Publisert: 08.07.2020 12:00
Sist oppdatert: 03.05.2021 09:56