Tapte pengar foer salet til Finland
FINSK: Jan Ove Tryggestad (innfelt) og dei andre lokale eigarane av Litlebø Kraftverk sleit med innteninga før salet til Finland. Kraftverket er teikna av Slyngstad Aamlid Arkitekter og er bygd i tre og stein.
Nytt

Tapte pengar før salet til Finland

I mai vart Tryggestad Kraft med Litlebø kraftverk finsk etter at Hellesylt-selskapet gjekk på ein smell i 2019. 

12.08.2020
Det vekte oppsikt då Sp-ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda saman med seks andre grunneigarar på Hellesylt .
Det arkitektteikna kraftverket på 22 GWh vart sett i drift i 2012 og var inntil overtakinga 15. mai 2020 eigd av grunneigarane.
Kvart år sidan 2012 gjekk drifta i pluss, men no er reknskapen for 2019 klar i Brønnøysund.

Negativ eigenkapital

Der går det fram at 2019 vart eit svært dårleg år, med kraftsal på berre 3,8 millionar kroner, mot 13,0 millionar året før.
Resultat før skatt enda på minus 2,9 millionar kroner, mot pluss 3,3 millionar i 2018.
Eigenkapitalen var ved årtsskiftet negativ med 2,5 millionar kroner, og den langsiktige gjelda var på 60,0 millionar.

Tyngande valutalån

Skrivet skriv i årsmeldinga at selskapet er avhengig av kapitaltilskot eller forbetring av drifta.
Løysinga vart sal.
Det lokale kraftselskapet hadde også utfordringar tidlegare. Blant anna hadde selskapet eit tyngande valutalån, og nettkapasiteten gjorde også at ein sleit med å få ut krafta i gode tider.

Jan Ove Tryggestad eigde ved salet 20,5 prosent av kraftverket. Av andre som eigde over 10 prosent var Hans Hole (19,25 %), Tor Arne Tryggestad (12,59%) og Per Aamund Hauso (10,54 %).

Signalbygg

Litlebø kraftverk har tre turbinar og får vatnet sitt frå Nibbedalselva og Langedalselva på Hellsylt, og er lokalisert der disse elvane møtest.
Kraftstasjonen er teikna av Slyngstad Aamlid Arkitekter og er bygd i tre og stein. Stasjonen har mange glassflater, og er eit signalbygg langs turistvegen til Hellesylt og Geiranger.
Finske Suomen Voima eig ei rekke kraftverk i Norden, og står for ein årleg kraftproduksjon på 312 GWh.
I tillegg har selskapet meir enn 300 MW i prosjekt som er under bygging eller utvikling.
Suomen Voima har på gang bygging av fleire andre kraftverk i Norge.

Publisert: 12.08.2020 15:31

Sist oppdatert: 12.08.2022 09:25

Mer om