Tapte paa forseinking
ETTER SKJEMA: Global Fish sitt anlegg i Florø opna i fjor haust, men måtte drive med redusert kapasitet første året. 
Nytt

Tapte på forseinking

Global Fish sitt anlegg i Florø gjekk for halv maskin i første sesong. Det kosta selskapet opp mot 30 millionar kroner.

01.08.2019
Når neste sesong startar opp etter ferien reknar dagleg leiar Geir Robin Hoddevik med at anlegget skal gå med kapasiteten som opphavleg var planlagt. Men i første sesong gjekk selskapet glipp av inntekter og måtte ta ekstra kostnadar for å få opp kapasiteten i fiskeforedlingsanlegget.
-Nærare 30 enn 20 (millionar kroner, red. merk), seier Hoddevik om kva forseinkingane har kosta selskapet i form av ekstra arbeid og tapte inntekter.
Omlag to tredjepartar av kostnadane kom i fjor og medverkar til eit underskot før skatt på 11,3 millionar kroner for Global Florø i 2018 (sjå tabell).

Skifta plan

Opphavleg ville Global Fish, som eig Global Florø, bygge eit heilt nytt og moderne anlegg i Egersund. Global Fish skulle ut av lokala i Egersund som selskapet hadde leigd sidan 2013. Prisen på å bygge i Egersund var i starten anslått til mellom 250 og 270 millioner kroner, men undervegs steig den til over 300 millionar.
Kostnadauken i Egersundprosjektet, saman med at selskapet fekk høve å overta det tidlegare Pelagia-anlegget i Florø, gjorde at Global Fish valde å legge vekk Egersund-utbygginga, i følgje Hoddevik.

Der starta dei på ta i mot sild og makrell i fjor haust, men fekk altså ikkje den kapasiteten på anlegget som var opphavleg var planlagt.

Reetablerte industri

Geir Robin og broren Jan Otto Hoddevik, saman med fiskebåtreiane Sigurd og Knut Teige og Birger Dahl, var blant inititiativtakarane til det som i dag er blitt Pelagia, den største aktøren i norsk pelagisk industri. Pelagisk industri tek mot sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag.
Etter at dei gjekk ut av Pelagia i 2012 og reetablerte Global Fish satsa Hoddevik, Teige og Dahl på nytt i pelagisk industri.
I fjor kom Nergård-konsernet inn og blei 40 prosent medeigar i Global Fish, samstundes som Nergård-konsernet og Global Fish etablerte eit felles salselskap.

Publisert: 01.08.2019 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38