Tapte paa tapt avtale
TAPTE AVTALE: Driftsresultatet ble betre, men Domstein as gjekk i minus også i fjor. Rolf Domstein (biletet) eig selskapet saman med brødrene Knut Magne og Gunnar.
Nytt

Tapte på tapt avtale

Domstein Sjømat miste ein kontrakt til 120 millionar kroner i fjor. Det gav minus.

26.07.2018
Tapet av kontrakten gjorde at driftsinntektene i Domstein Sjømat, som er det viktigaste selskapet i Domstein-konsernet, fall frå 616,5 til 530,7 millionar kroner i fjor.
Domstein Sjømat driv landsdekkande sal og distribusjon av sjømat, og valde å oppretthalde kapasiteten trass i at 120-millionar avtalen glapp. Det gjorde at kostnadane blei høgare enn inntektene, i følgje årsmeldinga til Domstein as for 2017.
Trass inntektstapet blei driftsunderskotet redusert, frå minus 26,8 millionar kroner i 2016 til minus 7,6 millionar i 2017.

81 millionar i minus

I løpet av 2017 blei halvpartene av inntektene som fall bort i Domstein Sjømat erstatta av leveransar til andre kundar. Selskapet har god vekst i 2018 og ventar å "etablerer et lønnsomt omsetningsnivå i løpet av året", skriv styret i årsmeldinga.
I løpet av dei fire siste åra har Domstein Sjømat gått med 81 millionar kroner i underskot før skatt.

Domstein Fish er det nest største driv fryselager på Raudeberg i Vågsøy og leverer agn til lineflåten. Selskapet hadde 237,5 millionar i driftsinntekter i fjor og eit driftsoverskot på 4,9 millionar kroner.

Sushi og eigedom

Domstein as er eigd av brødrene Rolf, Gunnar og Knut Magne Domstein.
Selskapet eig og fleire utleigeeigedomar i Måløy og Raudeberg og selskapet sushileverandørenr Domstein Sushi.
Domstein as sysselsette 129 årsverk i fjor.
Driftsresultatet for Domstein betra seg i 2017 (sjå tabell), sjølv om resultatet før skatt gjekk frå pluss til minus. Det gode 2016-resultatet før skatt for Domstein as skuldast ein salsgevinst på 104 millionar kroner. I 2017 var det ingen slike gevinstar,

Publisert: 26.07.2018 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24