Tar full kontroll over Fjord1
Kjøper ut Mohn for 877 mill. – Vi skiljest som vener, seier styreleiar Vegard Sævik. Målet er å ta selskapet av børs.
Sævik-familien tar full kontroll over Fjord1 saman med sin amerikanske partner Vision Ridge Partners.
- Vi skiljest som vener, seier styreleiar Vegard Sævik i Fjord1 etter at Perestoika og Fredrik W. Mohn har seld alle aksjane i Fjord1 til Sævik-familiens selskap Havila Holding og Havilafjord 2.
Perestoika sat på 18,46 prosent av aksjane i Fjord1. Salet er gjort til 47,5 kroner aksjen.
Sævik-familien vil tilby det same til resten av aksjonærane. Det prisar heile Fjord1 til 4,75 milliardar kroner.
- Dei fleste har tent godt
Fredrik W. Mohn har tidlegare vore kritisk til informasjonsflyten frå hovedaksjonær Havila rundt samarbeidet med Vison Ridge Partners.
Maktkampen førde blant anna Mohn gjekk ut av styret, men kjøpte seg samstundes meir opp i Fjord1 til 45 kroner aksjen.
No seier Vegard Sævik at ein over tid har hatt ein god dialog med Mohn, som økonomisk kjem godt ut av sin Fjord1-investering.
- Dei fleste har tent godt på Fjord1, også Mohn, seier Sævik.
Også Mohn er fornøgd, ifølgje E24.
"Vi har fått et godt tilbud fra Sævik-familien og valgte å selge posten vår til dem. Partene skilles som venner og vi ønsker Sævik lykke til med en spennende satsing innen transport og reiseliv", skriv Mohn i ei melding til E24.
Sikra finansiering
Vegard Sævik opplyser at intensjonen er å ta Fjord1 av børs, men at ein er avhengig av aksept frå blant anna långivarane.
Havila har sikra finansiering for kjøpet frå fond tilknytta Vision Ridge Partners.
Som ein del av opplegget har SAF II Master Fund 1, LP, eit fond som Vision Ridge Partners står bak, overført sine 3,850,000 aksjar i Fjord1 til datterselskapet Runde Holdco. Prisen på Fjoerd1-aksjane vart i denne interne transaksjonen sett til 41,41 kroner aksjen.
Havila Kystruten-samarbeid
Havila og Vision Ridge Partners har tidlegare opplyst at planen er utville Fjord1 til eit integrert transport- og reiselivsselskap, og der partane også skal samarbeide om Havila Kystruten.
Colorado- og New York-baserte Vision Ridge Partners har investert for over ein milliard USD i ulike selskap.
På heimesida opplyser selskapet at ein har spesialisert seg på berekraftige investeringar, og har gjort investeringar i blant anna energi, landbruk, transport og eigedom.
Eitt av selskapa fondet har investert i er Vision Fleet, som satsar stort på transport med hybride og elektriske fartøy.
Hittil har Vison Ridge Partners berre hatt investeringar i USA, og Fjord1 er dermed første satsinga utanfor USA.
Selskapet vart etablert i 2008 av tidlegare Baupost Group-sjef Reuben Munger, som framleis er toppsjef i Vision Ridge.
Munger er også styremedlem i Fjord1-styret, der Havila er representert ved Per og Vegard Sævik, der Vegard Sævik er styreleiar.
Vi skiljest som vener
Publisert: 14.05.2020 14:15
Sist oppdatert: 02.10.2021 10:16