Tare treng tid til aa vekse etter traaling
TARE: Tareskogen reetablerer i løpet av fem år etter taretråling, viser ny forsking.
Nytt

Tare treng tid til å vekse etter tråling

Tareskogen klarer å byggje seg opp att etter tråling, men det tek tid.

04.01.2019
NPK: Det er konklusjonen etter at havforskarar har undersøkt effektane av forsøkstråling etter stortare.
– Tareskogen har nyleg komme tilbake i sørlege delar av Nordland etter å ha vore beita ned av kråkebollar i fleire tiår. Dette gir nye moglegheiter for ressursutnytting, som blant anna industriell tarehausting.
- Samtidig kan tareskogane i tidlegare nedbeita område vere spesielt sårbare og effektane av forsøkstråling etter stortare sør i Nordland er derfor overvaka gjennom ein femårsperiode, fortel forskar ved Havforskingsinstituttet Henning Steen til nettstaden .

Reetablerer seg på fem år

Forskarane har gjort jamlege undersøkingar i perioden 2013–2018. Resultata viser at sjølve tarevegetasjonen reetablerer seg i dei fem første åra etter tråling.
Kråkebollebeiting har vist seg å ikkje hindre taren i å komme tilbake.
– Tareførekomstar i Nordland har tidlegare vore prega av mykje kråkebollebeiting, men resultata våre tyder på at taretråling ikkje har ført til auke i kråkebollebestandane, fortel Steen.
Det er heller ikkje registrert negative effektar av taretrålinga på fisk og krabbar i området.
Men full restitusjon tek tid.
– For at taresamfunna fullt ut skal restituerast, så krev det ein kvileperiode som er lengre enn fem år mellom kvar tarehausting, fortel Steen.

Publisert: 04.01.2019 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30