Odd emil ingebrigtsen fiskebåt vest foto marius 11
ÅLESUND: Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen helser på styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest, som sjølv berre har ei kvinne med seg i styret. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tek grep for å få fleire kvinner til fiskeri

Berre tre prosent av fiskarane er kvinner, men fiskeriministeren finn håp i at langt fleire unge søker seg til yrke.

27.08.2021

(NPK-NETT.NO): Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen la fredag fram ein strategi frå regjeringa for å få betre likestilling i fiskeria.

Høgre-statsråden kom inn på den nye strategien då han snakka under årskonferansen til Fiskebåt Vest i Ålesund fredag.

– Vi trur kvinner har mykje å bidra med i næringa, og kan utgjere ein stor ressurs, sa han til forsamlinga ved Scandic Parken-hotellet.

Næringa opplever god lønnsemd, men Ingebrigtsen meiner både kvinner og menn må drive bransjen vidare, for at fiskeria skal vere ein attraktiv arbeidsplass òg i framtida.

Fleire kvinner under utdanning
Tal frå Fiskarmanntalet viser at delen kvinnelege deltidsfiskarar frå 2008 til 2019 i gjennomsnitt var på 3,3 prosent, og i same periode var det 2,7 prosent kvinnelege heiltidsfiskarar.

– Men det er i ferd med å endre seg og no er det 12 prosent kvinner mellom dei som er under utdanning på fiske og fangstfag i vidaregåande. At fleire unge kvinner finn næringa attraktiv, er eit godt teikn, la Ingebrigtsen i Ålesund.

Statsråden meiner samtidig at få kvinner er representerte i styre, råd og utval i fiskarlag og fiskesalslag. Typisk nok har styret i Fiskebåt Vest - som var vertskap fredag - seks mannlege styremedlemmar og berre ei kvinne.

Vurderer aldersgrense og kvotering
Arbeidet med den nye strategien til regjeringa viser at kvinner startar seinare som fiskarar enn menn. I tillegg blir menn verande dobbelt så lenge i yrket som kvinner.

Difor vil regjeringa vurdere å heve aldersgrensa for rekrutteringskvoteordninga og kvotetillegget til ungdommar til over 30 år for kvinner. Dei vil òg sjå på om ein del av lærlingkvoten skal gå til kvinner eller om det bør vere andre målretta tiltak for å auke kvinnedelen.

Tilskotsordning
Departementet har sett av 1,5 millionar kroner til ei søknadsbasert tilskotsordning med formål å auke rekruttering av kvinner til fiskeria. Dette kan mellom anna omfatte tiltak som skal bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om kvinner som rekrutteringsbase i fiskeria og bidra til etablering av nettverk for kvinnelege fiskarar.

Regjeringa vil òg legge til rette for at sjarkflåten kan vareta rolla som startstad for jenter og gutar, ifølgje pressemeldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Les strategien her (ekstern lenke)

Publisert: 27.08.2021 14:51

Sist oppdatert: 26.11.2021 11:28

Mer om