Tek groenfargen fram i lyset
GRØNT OG MILJØVENLEG: Havyard-sjef Gunnar Larsen løftar fram dei miljøvenlege sidene hos Havyard Group. 
Nytt

Tek grønfargen fram i lyset

Havyard Group har ikkje vore flinke nok til å få fram den miljøvenlege delen av verksemda si, meiner Havyard-sjef Gunnar Larsen.

25.11.2020
Tysdag var han ein av innleiarane på meklarselskapet Fearnleys konferanse om marknaden for og rundt fornybar energi og miljøvennleg teknologi.
- Internt er det ikkje så stor dreiing (i det Havyard Group driv med, red. merk). Det vi prøver å få til er at dette kjem meir fram i lyset, seier Larsen til NETT NO.

Hydrogen-satsing

Tidlegare denne månaden varsla Havyard at satsinga på hydrogen som drivstoff i båtar blir samla i eit eige selskap, Havyard Hydrogen.

Det er eit arbeid som Havyard var i gang med i 2018, og som kan gjere det råd å segle lengre distansar utan utslepp.

Batteripakkar

Målet for Havyard Hydrogen er å vere eit selskap som teiknar og leverer system for bruk av hydrogen ombord i skip, akkurat slik som Norwegian Electric Systems (NES) - eit anna datterselskap i Havyard Group - teiknar og levere system for batteripakkar ombord i skip.
Det tredje Havyardselskapet med ein miljøprofil er Norwegian Greentech, som lagar utstyr og system for å reinse ballastvatn.
Norwegian Greentech har nyleg offentleggjort ein avtale med reiarlaget Wilson om å levere reinseanlegg til Wilson sin 120 skip.

Børshopp og børsfall

13. oktober i år var aksjekursen 2,41 kroner pr. aksje. 19. oktober var den 9,70 kroner pr. aksje.
I etterkant av dette kom meldingar som blei godt mottatt i aksjemarknaden på rekke og rad, i tillegg om meldingane om hydrogensatsinga og Norwegian Greentech-kontrakten:
Gjeldsforhandlingane om den «gamle» delen av skipsbyggingsverksemda - som var skilt ut frå resten av konsernet - .
Havyard Design & Solutions fekk jobben med å .
Etterpå varsla konsernet at dei kuttar i bemanninga på verftet i Leirvik og
Tysdagen blei ingen opptur på børsen. Havyardkursen fall i rykk og napp frå start, og Gunnar Larsens innlegg på Fearnley-seminaret litt før børsslutt snudde ikkje utviklinga.
Aksjekursen enda på 8,82 kroner, ein nedgang på 14,37 prosent samanlikna med dagen før. Kursen verdset Havyard til 218 millionar kroner.

Les også:





Det vi prøver å få til er at dette kjem meir fram i lyset

Publisert: 25.11.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06