Banken aukar tapsavsetningane med 4,2 millionar kroner i første kvartal, og det er også årsaka til redusert lønsend (sjå tabell).
Grunnen til auka tapsavsetningar er frykt for at kundar ikkje kan gjere opp for seg fordi dei kjem i økonomiske uføre på grunn av koronaepoidemien og tiltaka mot smittespreiing.
"Det er grunn til å vente eit stort fall i brutto nasjonalprodukt, og redusert konsum, som følgjen av auke i arbeidsløyse og redusert konsum", skriv banken i kvartalsrapporten for første kvartal.
Sjølv om banken har privatkundar som viktigaste kundegruppe og i liten grad er direkte eksponert mot olje- og gass-marknaden, fryktar den også negative konsekvensar av den låge oljeprisen, ved at jobbane til privatkundar med arbeid i bedrifter i og knytt til oljebransjen kjem i fare.
Ørskog Sparebank har sett ned lånerenta med 1,25 prosentpoeng sidan årsskiftet.
Etter den siste rentenedgangen er det mange lånekundar som no får ei rente på bustadlånet på under to prosent, ifølgje administrerande direktør Eirik Kavlio i Ørskog Sparebank.
For ein låntakar som nettopp har tatt opp eit annuitetslån på to millionar kroner og har 25 års nedbetalingstid og 1,95 prosent rente vil rentekostnadane vere 3191 i månaden. Då renta var eitt prosentpoeng høgare var rentekostnaden 4838 kroner i månaden. (Annuitetslån er lån der kunden betaler eit fast beløp kvar månad, men der rentebelasninga er størst i staren av nedbetalingsperioden)
Grunnen til auka tapsavsetningar er frykt for at kundar ikkje kan gjere opp for seg fordi dei kjem i økonomiske uføre på grunn av koronaepoidemien og tiltaka mot smittespreiing.
Økonomisk nedtur
Ørskog Sparebank reknar med ei gradvis oppmjuking i tiltaka mot smittespreiing, men bur seg likevel på eit markert fall i økonomien - som kan gi kundar av banken problem."Det er grunn til å vente eit stort fall i brutto nasjonalprodukt, og redusert konsum, som følgjen av auke i arbeidsløyse og redusert konsum", skriv banken i kvartalsrapporten for første kvartal.
Sjølv om banken har privatkundar som viktigaste kundegruppe og i liten grad er direkte eksponert mot olje- og gass-marknaden, fryktar den også negative konsekvensar av den låge oljeprisen, ved at jobbane til privatkundar med arbeid i bedrifter i og knytt til oljebransjen kjem i fare.
Lån lettare å bere
På pluss-sida, sett frå lånekundane si side, er at koronaepideminen og oljeprisfallet har gitt rentenedgang.Ørskog Sparebank har sett ned lånerenta med 1,25 prosentpoeng sidan årsskiftet.
Etter den siste rentenedgangen er det mange lånekundar som no får ei rente på bustadlånet på under to prosent, ifølgje administrerande direktør Eirik Kavlio i Ørskog Sparebank.
For ein låntakar som nettopp har tatt opp eit annuitetslån på to millionar kroner og har 25 års nedbetalingstid og 1,95 prosent rente vil rentekostnadane vere 3191 i månaden. Då renta var eitt prosentpoeng høgare var rentekostnaden 4838 kroner i månaden. (Annuitetslån er lån der kunden betaler eit fast beløp kvar månad, men der rentebelasninga er størst i staren av nedbetalingsperioden)
Publisert: 14.05.2020 13:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57