Dei nye elferjene som Havyard skal designe for Fjord1, blir det første som får fullt utbyte av eit nytt designverktøy, opplyser konsernet i ei pressemelding tysdag.
Havyard sendte også ut ei børsmelding om verktøyet, som er eit resultat av ti års arbeid med forsking og utvikling saman med Sintef Ocean.
Dagleg leir Stig Magne Espeseth i Havyard Design & Solutions fortel at dei nyleg opplevde at ein kunde vurderte ulike alternative design.
– Vi simulerte dei ulike alternativa, og viste at kunden kunne redusere energiforbruket vesentleg, med å velje det eine designet, framfor det andre, fortel han i pressemeldinga.
Deretter blir dei beste teke med til runde nummer to, der alternativa blir kvalitetssikra og dokumentert ved ulike variablar.
Til sist blir det køyrt ei full simulering med ein digital tvilling av skipet på eit virtuelt hav.
Dette nyttar dei for å lage realistiske scenario for korleis skipet vil oppføre seg i drift.
– Slik skapar vi smart skipsdesign, der vi på realistisk vis simulerer skip sitt operasjonsmønster og samlar dokumentasjon og erfaringar du elles ikkje ville få, før etter at skipet har vore i drift i mange år, seier Steinsvik.
Konsernet med hovudkontor i Herøy, har levert ei rekke ferjer og Havyard Design & Solutions har levert design til 12 av desse dei siste åra.
Havyard sendte også ut ei børsmelding om verktøyet, som er eit resultat av ti års arbeid med forsking og utvikling saman med Sintef Ocean.
Viste reduksjon i forbruk
Målet er at fartøya skal vere mest mogleg energieffektive og miljøvennlege. Det kjem dei nye ferjene Fjord1 skal nytte på Sunnmøre til gode.Dagleg leir Stig Magne Espeseth i Havyard Design & Solutions fortel at dei nyleg opplevde at ein kunde vurderte ulike alternative design.
– Vi simulerte dei ulike alternativa, og viste at kunden kunne redusere energiforbruket vesentleg, med å velje det eine designet, framfor det andre, fortel han i pressemeldinga.
Simulering med digital tvilling
Det dreiar seg om eit tretrinnsverktøy der ein i første omgang kan eksperimentere med fleire hundre ulike design. Då blir «rammene» sett for skipet når det gjeld storleik.Deretter blir dei beste teke med til runde nummer to, der alternativa blir kvalitetssikra og dokumentert ved ulike variablar.
Til sist blir det køyrt ei full simulering med ein digital tvilling av skipet på eit virtuelt hav.
Lagar realistiske scenario
FoU-leder Kristian Steinsvik i Havyard Design & Solutions fortel at dei har nøyaktige data for ver-, vind-, straum- og bølgjeforhold over store delar av verda.Dette nyttar dei for å lage realistiske scenario for korleis skipet vil oppføre seg i drift.
– Slik skapar vi smart skipsdesign, der vi på realistisk vis simulerer skip sitt operasjonsmønster og samlar dokumentasjon og erfaringar du elles ikkje ville få, før etter at skipet har vore i drift i mange år, seier Steinsvik.
Konsernet med hovudkontor i Herøy, har levert ei rekke ferjer og Havyard Design & Solutions har levert design til 12 av desse dei siste åra.
Vi simulerte dei ulike alternativa, og viste at kunden kunne redusere energiforbruket vesentleg, med å velje det eine designet, framfor det andre
Publisert: 27.10.2020 13:42
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:25