Nytt
Tek Kongsberg Maritime-uro til Stortinget
Ap-politikar Else-May Norderhus vil vite om næringsministeren vil gjere noko for Ulsteinvik-avdeling.
Marius Rosbach
26.10.2020
Stortingspolitikar Else-May Norderhus (Ap) har stilt næringsminister Iselin Nyøb eit skriftleg spørsmål i Stortinget om maskineringsavdelinga til Kongsberg Maritime.
Det er uro lokalt om følgjande av å legge ned Ulsteinvik-avdelinga og gjere oppgåvene utanlands.
– Dermed ligg det an til at viktige industriarbeidsplassar og viktig kompetanse kan forsvinne ut av landet. Dei tillitsvalte sine organisasjonar er sterkt ueinige i dette vedtaket, skriv Norderhus i innleiinga til ho har stilt næringsministeren.
Staten er som kjent storaksjonær i Kongsberg Maritime, etter salet frå Rolls Royce, og Norderhus påpeiker at det er avgrensingar for kor direkte ein statsråd kan gå inn i styringa av selskapet.
I september gjekk dei tillitsvalte ut og fortalde at planane ville råke kring 20 tilsette, og fleire indirekte. Tidlegare har også Ap-politikarar lokalt i Møre og Romsdal teke til orde for at næringsministeren skal gå inn i saka.
Bakgrunnen var at dei slit med lønsemda i produksjonen i Ulsteinvik. Samtidig påpeika Haugsdal at dei vil satse vidare på propulsjon som eit kjerneområde.
Konsernet har vore nøydd til å redusere arbeidsstokken betydeleg dei siste åra. Også etter at Staten gjekk inn som eigar har det blitt færre tilsette i fleire av Kongsberg Maritime-avdelingane på Nordvestlandet.
Det er uro lokalt om følgjande av å legge ned Ulsteinvik-avdelinga og gjere oppgåvene utanlands.
– Dermed ligg det an til at viktige industriarbeidsplassar og viktig kompetanse kan forsvinne ut av landet. Dei tillitsvalte sine organisasjonar er sterkt ueinige i dette vedtaket, skriv Norderhus i innleiinga til ho har stilt næringsministeren.
Vil vite om Nybø vil gå i dialog
Ap-politikaren vil vite om Nybø vil ta eit initiativ til å gå i dialog med leiinga og de tillitsvalte, for å undersøke kva moglegheiter som finst for å redde arbeidsplassane.Staten er som kjent storaksjonær i Kongsberg Maritime, etter salet frå Rolls Royce, og Norderhus påpeiker at det er avgrensingar for kor direkte ein statsråd kan gå inn i styringa av selskapet.
I september gjekk dei tillitsvalte ut og fortalde at planane ville råke kring 20 tilsette, og fleire indirekte. Tidlegare har også Ap-politikarar lokalt i Møre og Romsdal teke til orde for at næringsministeren skal gå inn i saka.
Dårleg lønnsemd er årsaka
Administrerande direktør Egil Haugsdal i Kongsberg Maritime stadfesta at dei har lagt ein strategi som betyr at maskinering av standardprodukt skal settast ut.Bakgrunnen var at dei slit med lønsemda i produksjonen i Ulsteinvik. Samtidig påpeika Haugsdal at dei vil satse vidare på propulsjon som eit kjerneområde.
Konsernet har vore nøydd til å redusere arbeidsstokken betydeleg dei siste åra. Også etter at Staten gjekk inn som eigar har det blitt færre tilsette i fleire av Kongsberg Maritime-avdelingane på Nordvestlandet.
Les også:
Analyse:
Viktige industriarbeidsplassar og viktig kompetanse kan forsvinne ut av landet
Publisert: 26.10.2020 08:42
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:19